19 juli 2007

Sambuaren drøymer om Kyrkjenemndi

Frukostbordet er i ferd med å verte lunsjbord når sambuaren omsider glir inn i lokalet, og set seg ned.
- Eg har hatt ein draum, seier ho,
- Javel? svarar eg, utan å sjå opp.
- Ja, om Kyrkjenemndi.
Eg ser opp frå avisa. Har sambuaren min hatt ein draum om Kyrkjenemndi åt Bygdelagi i Bjørgvin? Det må seiast å vere noko spesielt.
- Vel, held sambuaren fram, eigentleg handla draumen om at eg var ute med dronning Sonja. Eg og dronning Sonja var ute og gjekk tur i gatene i Bergen. Hadde funne tonen, vi, nesten som eit veninnepar. Men så sa ho at ho hadde ein kafeavtale. - Du kan no berre vere med, sa Sonja. Men det ville eg ikkje. Så Sonja gjekk inn på Vågen Fetevarer. Men då oppdaga eg at det var kjentfolk som sat ved kafebordet der inne. Det var faktisk Kyrkjenemndi! Så eg gjekk inn i kafeen, og bort til bordet. Eg har alltid sett på Kyrkjenemndi som noko av det mest mystiske, hadde aldri forstått kva dei styrte med, og no hadde eg heile nemndi der ved eit bord inne på Vågen Fetevarer. Dei såg litt brydde på kvarandre då dei såg meg. Så fortalde dei at dei ein gong i året hadde eit hemmeleg møte med dronninga, og at det var det som var løyndomen åt Kyrkjenemndi. - Men kvar er puristen? spurde eg. - Han er vel med dykk, er han ikkje? Dei såg igjen litt på kvarandre, før det var ei som svara: - Han kjem seinare, han, men det veit ikkje du, for det er hemmeleg. Og så var draumen over.

13 juli 2007

Lumbago

Lenge sidan det har skjedd noko på denne sida. Ikkje noko gale i det. Det er så mykje mas og kav i verda. Kan vere greitt å roe litt ned. Eit moment er vel òg at ein har vore ute på reise, fyrst og fremst til Sunnmøre. Fjellturar, øyturar, familie, bading, Førde-festival og bilkøyring. Tilbake til Bergen måndagen. På tysdagen skjedde det så. Ein vaskar bilen, bøyer seg fram, og pang, så er han der: lumbagoen. Og det var ikkje tidlegare medlemer av nyveivbandet Lumbago (som nokre av lesarane kanskje hugsar frå 1980-talet) eg no referer til. Det var hekskotslumbagoen.

Lumbago er ei påminning om at når ein har blitt 40, handlar det stort sett om å halde det kroppslege forfallet i sjakk.

Elles har røynsla av å vere funksjonshemma vore interessant. Det er diverre slutt på den tida då ein meinte at beste kuren mot ryggplager var å liggje heilt i ro. Men imellom all fornuftig gåing og utstrekking og husarbeid, har det vore råd å lese litt i ein biografi om Mao.

19 juni 2007

Lure trapper, barnslege namn

Example
Nokre dagar i Estland gav grunnlag for visse generaliseringar. Til dømes at esterane kan det å lage lure trapper. Denne trappa opp til eit tårn i Hapsalu er ikkje så verst. Skulle gjerne hatt ei slik ned til kjellaren. Som kjent sklei eg ned trappa heime tidlegare i vår og braut handa.
Example
Meir barnslege er gatenamna. Dette fann vi i kvar einaste by.

15 juni 2007

Gustav Indrebø er attende

Example
Etter intens etterforsking, bruk av milde trugsmål og appellering til allmenn dødsangst er det grunn til å feire. Biletet av Gustav Indrebø er kome på plass att! Det heng no på veggen i korridoren der det har hange i fleire tiår.

Der har vore mange spekulasjonar på kven som kan ha ført bort Indrebø-biletet, og kva som kan ha vore motivet for bortføringa. Kunne det ha vore målpolitisk motivert? Namneteoretisk motivert? Språkhistorisk motivert? Faghistorisk motivert? Ein protest mot at Nordisk institutt skal nedleggjast og verte ein del av instituttet ILLE (Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar)? Kunne det vere tale om postmoderne hedonistar? Her kjem nok det erotiske elementet inn; Indrebø var jo ein pen mann. Eller har det heile vore eit kunstprosjekt, eit kunst-stønt?

Som ein ser på fotografiet, har tjuvlånarane festa til ei snakkeboble: "Takk for sist!" Det er neppe 1942 ein refererer til her, jamvel om det har vore nemnt.

Interesserte kan studere biletet der det no heng. No skal det sjekkast om det er tale om ei forfalsking.

14 juni 2007

Akademisk kriminalitet

Mykje tyder på at det er hedonistar som har stole biletet av Gustav Indrebø frå korridorveggen på Nordisk institutt. Meir om det kan ein lese her.

Tarveleg kriminalitet er òg noko som har råka gamle statsminister Mowinckel. Frå brevsamlinga hans på 20 000 brev, som er godt nedpakka i arkivet ved Universitetsbiblioteket i Bergen, er frimerka stolne, visstnok av ein filatelist som tidlegare var tilsett ved UB, men som no er både pensjonert og daud. Tydelegvis har dette ikkje vore oppdaga, av di ingen andre enn filatelisten har brydd seg om desse breva, men dårleg gjort er det i alle fall. Filatelisten har visstnok seld frimerka, for å reise på sydenturar eller liknande.

Dette med tjuveri frå spesialsamlingar ved bibliotek er merkeleg, for det viser seg at det ofte er tilsette i høge stillingar, folk ein skulle tru hadde hugnad for bøkene, som står for tjuveriet. Liknande hendingar har vi frå Det Kongelige Bibliotek i København og Kungliga Biblioteket i Stockholm, likeins frå Bibliothèque Nationale i Paris. Og det er ikkje berre tale om at ein kjenner eit særleg eigedomstilhøve til bøkene, slik sjefsbibliotekaren i Umberto Ecos "Il nome della rosa" gjer det. Det er òg tale om å selje vidare, for å tene pengar på bøkene. I København har 1565 eineståande verk kome til rette frå ein som kjende eit personleg eigedomstilhøve til bøkene. I Stockholm enda det meir dramatisk for boktjuven. Han gjorde harakiri ved å sprengje seg sjølv inne i leilegheita si, etter at han hadde vorte oppdaga, og hadde tilstått overfor politiet å ha kjøpt og seld sjeldne bøker frå spesialsamlingane som han var sjef for.

Vi får tru at dei som står bak Indrebø-tjuveriet no tek til vitet, og heng biletet opp att der det var. Viss det ikkje skjer, så har vi sjølvsagt våre framgangsmåtar.

12 juni 2007

Estland

Nett heimkomen frå Estland. Fyrst til Tallinn, så til Tartu og ein seminardag ved Skandinavistika. Deretter på bussen i Estland, med faglege stopp i Setomaa og den estlandssvenske vestkyste. Programmet for alt dette finst her.

Ein fekk lære mykje om setoane og Võru-målet, og då høyrde eit møte med seto-kongen til, det same gjorde synging frå Kala Maria og andre damer. Nemnast må òg estisksvensk og estisksvenskane (som i dag er avgrensa til ein syklubb i Hapsalu) og så om latgalisk (eller livisk som ein vil), det siste fortalt av Snorre K. Svensson, norsklektor i Riga. I tillegg har det vore kulturelle og sosiale aktivitetar, bl.a. med færøysk kjededans og engelsk dans. Siste dagen i Tallinn gav han som har vore tolk heile tida, averøyingen Øyvind Rangøy, ei interessant omvising for meg og to færøyingar.

Det var varmt i Estland; det verste er at det samtidig var varmt i Bergen.

31 mai 2007

Farvel 30-talet

Livet er sett saman av dagar, og etter kvart som dagane går, vert eit menneske eldre. Om nokre minutt går den delen av livssoga som høyrer til 30-talet slutt for den som skriv dette. På denne siste dagen i denne livsbolken har ein fått med seg Brecht-stykket "Die Massnahme" på Teatergarasjen, deretter har ein drukke øl på Verftet, og sett den raude sola gått ned i vest, før ein så har sykla heim. I morgon skjer altså overgangen. Eit nytt tiår tek til, og det skal sjølvsagt markerast.

15 mai 2007

Stigmatiserande ord og intimitetstyranni

Vart nett intervjua av ein journalist frå Kulturnytt om stigmatiserande ord. Eg sa mykje fornuftig om fenomenet sånn generelt, men fekk meg ikkje til å seie kva som var det mest stigmatiserande ordet. Ho viste til "eskimo", "mongoloid" og "dverg", men hadde eg ikkje noko meir stigmatiserande? Nei, eg hadde ikkje det, fordi ho ville at EG skulle seie kva EG meinte var mest stigmatiserande. Det ville eg ikkje. Kvifor verte tvungen til heile tida å utlevere seg sjølv? Kvifor heile tida tilpassse seg intimitetstyranniet? Sjølv snakkar eg helst generelt, ikkje personleg, om eit fenomen. Mine personlege meiningar er til liks med andre sine meiningar stort sett uinteressante, og i den grad dei er interessante er det ikkje som meiningar, men som noko heilt anna, t.d. fornuft.

14 mai 2007

Kyrasleik

Eg var og klipte meg i dag tidleg. Frisøren kommenterte igjen kvervelen framme i panne. - Den er kva ein heime på Voss kallar ein god gamaldags kyrasleik, sa ho. Ja, ja, eg skjøna vel kva ho meinte, men kva var eigentleg etymologien til "kyrasleik"? Det funderte eg på der eg sat i frisørstolen, under eit blått laken. Attende i hola slo eg opp i band 6 av "Norsk ordbok". Litt ulike bruksmåtar - vasskjemma hår, hårlaus tjafs, måne etc. Men her var det tale om ein kvervel, og då var etymologien klar: "område på kuskinnet der kua har sleikt seg, såleis at håra ligg ein annan veg enn vanleg". Ja, i "Norsk ordbok" stod det heile rett nok under "kusleik", men ein del av oss held no på dei gamle norrøne formene: "ei kyr", "fleire kyr" og "kyrasleik". Det viktigaste var i alle tilfelle å få vite etymologisk korleis ein såg ut i panna.

11 mai 2007

Sadistisk feminisme

Example
Bladet Målmannen har kome ut med nytt nummer. Ser keisamt ut, med eitt unntak: Ein god, gamal målmann har skrive om "Sadistisk feminisme". Men den artikkelen står ikkje på veven. Merkeleg. Kva i alle dagar er det vedkomande har vorte utsett for?

Gustav Indrebø forsvunnen

Rett utanfor kontordøra har det stått eit bilete av Gustav Indrebø, men no har det forsvunne. Eg har bede kontorsjefen sende ut etterlysning, så eg får tru at biletet kjem på plass att. Det har trass alt stått der i over 30 år og bør stå der til eg går av med pensjon om 30 år òg.

03 mai 2007

Flagget

Fyrste mai var omsider komen, og ein gjekk opp på loftet, henta flagget, og bar det ned til flaggstanga som stod stor og stiv og ruvande midt på plenen, som forresten burde ha vore slegen, men ein kan ikkje godt slå plenen på ein fyrste mai. Så var det å få opp flagget. Eit auge i toppen, det festa ein til lina med flaggstikk, ok. Men så var der ei lang snor nede på flagget, korleis festa ein det? Ein vart ståande og fundere, med blikka frå vindauga rundt om. Sambuaren som var med som assistent, vart brått akutt svolten, ho ville døy om ho ikkje fekk i seg noko mat snart, og eg kunne vel å heise eit flagg, var eg ikkje mann? Naturlegvis, her måtte det handlast. Eg festa òg nedre delen sånn nokolunde, slik at flagget tok seg fint ut på lina. Jau, då, og etter ei stund kunne ein setje seg på altanen, framleis nokre timar til toget gjekk, og nyte sola medan ein kika på flagget der på toppen, for det skal vere heilt på toppen av stanga og ikkje litt nedanfor slik naboen har gjort det (sikkert heisa det berre for å ha politiskkorrekt alibi for å stelle i hagen). Den nedste knuten var ikkje heilt etter oppskrifta, men på den andre sida hadde eg inga oppskrift heller. Best som ein sat der på altanen kom det nokre sundagsturgåarar og vart ståande og sjå på flagget. Dei peikte på det. Kva var det? Var det den nedre knuten som ein stod og gjere seg lystelege over? Sett i ettertid kunne det vel mest sannsynleg vere fuglesleppet dei peika på (duegard oppe i lia). Men der og då verka det som om desse peikefingrane var ute etter knuten min. Etter ei stund gjekk dei så, på jakt etter anna dei kunne hovere over, og ein kan berre prise seg lukkeleg for at dei ikkje deltek i rettskrivingsdiskusjonar, og kva er så gale med ukonvensjonelle knutar når flagget vaiar så fint? Og vaie gjorde det til nesten kl. 22, då vi omsider kom oss heim. Det heitest rett nok at flagget skal vere nede til kl. 21. Men når det er sommartid er jo klokka eigentleg 21 når ho er 22.

02 mai 2007

Nynorskbar torsdag

Siste nynorskbar på Cafe Opera vert torsdag 3. mai kl. 19.30. Den som skal lese og snakke er ingen ringare enn Erna Osland.

30 april 2007

Etter eit landsmøte

- Korleis likar du deg i Stjørdalen, då? var det ein som spurde på landsmøtehotellet, seint på laurdagskvelden. Eg måtte vedgå at eg vel ikkje hadde vore utanfor hotellet sidan eg kom dit på fredagen. Ein kunne naturlegvis ha gått til jarnbanestasjonen, Hell station, som amerikanske turistar valfartar til, for å verte tekne bilete av (opptekne som dei er av evig liv og fortaping), eller til den næraste grannen, det tungt sosialrealistiske Hell kjøpesenter. Frå ein altan i åttande etasje ser ein eit flott kulturlandskap, så det er sikkert verdt å sjå seg rundt her, sjølv om trøndarane har gjort sitt beste for å unngå å skape eit slikt inntrykk nett her. Men ein ville no ikkje gå glipp av noko heller, for ein vil jo vere der målfolk er, og det var inne i hotellet. Likevel har ein tydelegvis gått glipp av noko. For når eg les avisene i dag, eller ser på veven, er tydelegvis halve varalista tungt inne i styret.

På landsmøtet fekk svartkorpsmetall-bandet An10 Boyband stipend, og her kan du lytte på låta "Meininga med livet".

25 april 2007

Lyndon B. Johnson

Målrørsla sin nye strategi er visstnok å tenkje om FrP som Lyndon B. Johnson tenkte om FBI-bossen Edgar J. Hoover: "It's probably better to have him inside the tent pissing out, than outside the tent pissing in." Vel, vel, han om det. Sjølv meiner eg det kan vere verdt å tenkje i høve til ei anna setning frå eks-presidenten: "If two men agree on everything, you may be sure that one of them is doing the thinking."

24 april 2007

100 år med sidemål

Example
(Døme på sidemål.)
Heise flagget i morgon? Ja, kvifor ikkje, det er nemleg tale om ein 100-årsdag. Den 25. april 1907 vedtok Odelstinget, etter eit ordskifte som tok til 23. april, å innføre sidemålet i gymnaset.

22 april 2007

Berlin og postmodernismen

Tilbake i Berlin. Denne gongen på helgatur, som turistar. Det fyrste ein gjorde, etter å ha teke bana frå Schønefeld-flyplassen, var å finne hotellet, dvs. Hotel-Pension Funk i Fasanenstrasse, rett ved Ku´dam. Ikkje så verst val; jugendstil, høgt under taket, flotte raude roser i tapeten som matsjar skjørtet sambuaren skaffa seg. Den danske stumfilstjerna Asta Nielsen budde forresten i husværet i 1931–37, og ein kunne studere bilete av henne i korridoren eller den stilige matstova. Elles er jo ikkje Ku´dam det mest interessante området å vere i når ein ikkje er så kjøpegal. Og når Hedda Gabler på Schaubühne am Lehniner Platz (i Ku´dam) var utseld, kva skulle ein då finne på? Såleis vart Mitte og Prenzlauer Berg meir frekventert. Ein liten tur til Kreuzberg og Dieffenbachstrasse, der ein budde hausten 2005, vart det òg tid til. I Kreuzberg har tida tida stille. Det var som om ein berre var vekke ein times tid og så kom tilbake, for dei same folka var der og gjorde nett det same dei gjorde sist. Hyggeleg nok det, og det var avslappande på utekafe under lauvtre, medan ein las i "Herr Lehmann" (Sven Regener). Men der kom ei snikande kjensle av at oppheldt ein seg her lenger, kom ein til å gå i eitt med det stillegåande. Det var på tide å gå vidare.

I Deutsches Historisches Museum vart to utstillingar vitja: ei om daglegliv i DDR og ei om kunst og propagande i strid mellom statar 1930–45. I den siste utstillinga vart utviklinga i Italia, Tyskland, Sovjetunionen og USA sett opp mot kvarandre. Men desse regima er jo ikkje jamførbare. Roosevelt er ikkje som Stalin, Hitler eller Missolini. "New Deal" gav jo nettopp rom for t.d. mangfald i kulturlivet gjennom å subsidiere kunstnarar. Naturlegvis var der eit propagandaelement i "New Deal", men det vert heilt feil å jamføre det elementet med fascismen. Samtidig gir ei slik utstilling støtte til den ideologiproduksjonen som rår i Bush-USA, nemleg at ideologien om at "New Deal" og velferdspolitikk er lik fascisme. Det illustrerer i sin tur problemet med postmodernistisk historiepedagogikk og postmodernismen generelt.

10 april 2007

Ein dag ekstra

Hastar grytidleg av garde. Plan: Førelesing som ikkje er heilt klar enno, møte i eit utval, tre studentar som skal ha rettleiing. Røyndomen etter påskekrimmen er brutal.

Men i auditoriet er der ingen. Absolutt tomt. Er eg i rett rom? Kanskje det skal vere i Vektergården? tenkjer eg, klok av skade. Har enno fem minutt, spring tilbake til kontoret for å sjekke. Ja, det er rett rom, etter mine planar, men er dei planane rette? Går ein gong til, møter ein student i korridoren. Har ho tenkt å skofte? Eg spør: - Ja, det er i auditorium N? Ho ser spørjande på meg.- Det er jo ikkje førelesing i dag. Jau, onsdag 11, står det på planane. Ho forklarer meg at det er i morgon som er den 11. april. Eg trudde altså det var onsdag i dag, men så er det berre tysdag.

Ein dag ekstra. Ein dag eg trudde var forsvunne i påskedragsuget. Brått er han her, uventa.

04 april 2007

Hytteboka

Gå langsmed vatnet, forbi sel, gjennom myrar, over elvar, opp gjennom knauser. Så er hytta der, blenkjande raud i påskesola. Lufte, hente vatn, fyre i omnen, hogge nokre bjørker, koste. Deretter: gå tur. Om kvelden, etter gryteretten, kan ein lese i hytteboka, om korleis folk har vore her gjennom barndom, ungdom og over i vaksendom. Somme hyttebokskribentar fortel historier, somme har gode formuleringar, slåande der og då, "Bjarte på rette staden", "påskemorgen sluker sorgen", "gjesten må ha vore noko tilmårskomen"; teikningar er der òg. Det slår ein, medan ein høyrer opplesing, og får kommentarar attåt, kor viktig slike hyttebøker er. Kvar gong vi er der, kjem hytteboka fram. Ja, hytteboka fortener ein litterær og sosialantropologisk analyse. Dette skriv eg som tips til gåverik ungdom som enno ikkje har bestemt seg for kva dei vil skrive masteroppgåve om.

21 mars 2007

Vårjamdøger

Våren i Bergen kjem med ein smell, like uventa kvar gong. Og i dag er det ikkje berre strålande sol, det er òg vårjamdøger. Det som kjenneteiknar vårjamdøger er at dag og natt er like lange. Deretter vert dagen lengre enn natta, heilt til det snur igjen.

18 mars 2007

Sprit og nynorsk

I Klassekampen 17. mars fortel tidlegare Unge Høgre-leiar Nikolai Astrup om det å vere Unge Høgre-leiar: "På den ene siden må du kunne snakke om sprit og nynorsk, og på den andre siden reise ideologiske debatter." Og ein noterer seg at Unge Høgre, tydeleg påverka av smuglarspriten sin, no har sett i gang nok ein håplaus antinynorsk-kampanje, leidd av dagens leiar Torbjørn Røe Isaksen. Det mest gledelege er at ein ikkje ein gong har klart å stave kampanjeslagordet rett ("mer en nok").

10 mars 2007

Kastrert katt

Example
I vårt feminiserte samfunn vert naturlege drifter hos hannvesen sedde på som ekle. Så det var ingen veg utanom. I går vart katten kastrert, ni månader gamal. Det ser ut til å gå bra med katten, sjølv han ikkje likar å gå med krage.

08 mars 2007

Den gode skaden

Å ha gips på handa, er som å ha hund, det er særs sosialt. For ingenting er så lett å forhalde seg til som ein synleg fysisk skade. Alle vil stoppe og sjå på og snakke. Kva skjedde? Gjer det vondt? Eg fortel i detalj om turen ned trappa, om lasset med ved som eg hadde i handa, om trinna som var for glatte og korte, om at eg glei ned, heldt på å falle bakover, men klarte på mystisk vis å vri meg slik at eg for framover i staden. Ja, at eg faktisk var heldig som ikkje datt bakover og trefte trappa med skallen eller med ryggen. Og eg fortel om veker med knallhardt press for å skrive NFR-søknad med venstrehanda, og eg får alle moglege synestsyndpå-erklæringar, i tillegg dei humoristiske kommentarane om venstrehandsarbeid.

Så kjem dagen då gipsen skal vekk. Inn i røntgenavdelinga, ei streng dame kjem med saksa, så røntgenbilete, deretter inn og vaske handa. Etter ei stund kjem lækjaren. Eg får vite at dette gror rette vegen. Handa er nok ikkje heilt i orden enno, men hadde eg gipsa fingrane lenger, ville det ha teke lang tid å få dei til å røre på seg, får eg vite. - Du får gå varsamt fram, vente ein månads tid før du går rundt på byen og slår ned folk. Lækjaren har med seg to studentar, og dei granskar med interesse den stakkars handa. Vert deretter sendt inn til ei fysioterapidame som lærer meg bøyøvingar. Medan eg ventar på henne, sit eg og les i eit Bonytt frå 1992; sterke fargar, luta furu, klumpete møblar. Etterpå går eg vegen heim. Stikk innom Mega og kjøper skrei til middag, står i kø i lag med pensjonistane som òg er ute på denne tida. Dei er tydelegvis lukkeleg uvitande om den storhendinga det er at gipsen er fjerna på handa mi. Og på arbeid dagen etter er livet med hund over. Interessa for ei hand utan gips er ikkje like stor som interessa for ei hand med gips.

Å bli sett

Det seinmoderne mennesket har den veikskapen at det heile tida må verte sett. I den samanhengen kom eg på nok ein artikkel om hipphopp.

12 februar 2007

Litt metakarpsnakk

Laurdag ettermiddag, arbeidt heile dagen i huset, så ned i kjellaren med ei famn ved, men trappetrinnet er for kort, og ein flyg nedover, må ta seg føre med handa, knea og skallen. Noko smerte, mest i handa, men det går vel over? Ventar eit par dagar, lang sundagstur, hevinga går vel òg over? Men nei. Til legevakta på måndagen. Ventar i to-tre timar. Brot i "annen metakarp". - Du må gipsast, og ha gips på i tre-fire veker. Akk, ja. Sit no med høgrehanda i gips, og byrjar alt å få seneproblem i venstre. Så til ungdomen vil eg seie: Øv opp båe hender til å verte like gode, så er du godt rusta når du må gipsast.

06 februar 2007

Samisk nasjonaldag

Example
I dag er det den samiske nasjonaldagen. Vi gratulerer.

05 februar 2007

Rapp på rogalandsk

Eg refererte til nokon frå Bergen som sa at rapp på rogalandsk ikkje passa. Ein lyttar har så vist til rappbandet "Skolekorps" frå Sandnes. Og ja, sjølvsagt funkar rogalandsk. Men nettopp "Skolekorps" må vere av dei mest vulgære og pubertale i sjangeren, og det seier litt. Her er dei på NRK "Urørt". Interessante frolandliknande diftongar i "Furore", men mest lågvulgaritetar, t.d. er "Simsalabim" ufjelg.

Kjeng

Direkte på radio i dag, i Språkteigen, for å snakke om rappspråket. Hyggeleg, det, og alt gjekk vel greitt, jamvel om eg kom til å seie ein feil. Denne bloggsida vil like fullt dvele ved nettopp feil og marginalitetar, for det er det purisme handlar om.

Fyrst til to e-brev om eit ord eg brukte i ei bisetning, ordet "kjeng". Ordet førekjem i ei Side Brok-låt som handlar om tøffe karar som skyt med kjeng.

Innsendar A skriv:
"Innslaget gav meg barndomsminne og førte til eit lite spørsmål om ein detalj: Er det sikkert at tjeng (eller kjeng?) er sprettert? Då eg vaks opp i Sør-Trøndelag, var eg av og til med far min og reparerte eller laga nettinggjerde, "sett opp nettingutgard" som vi kalla det. Krampen som vi festa nettingen til stolpane med, kalla vi "kjeng". Det kunne vel og henda at einkvan brukte kjeng som prosjektil på spretterten. Men at kjeng er det sama som sprettert, høyrest litt merkeleg for meg. Eg tenkjer at det er parallelt med å skyta erter, ein må ha røyr for å få fart på ertene, og ein må ha sprettert for å få fart på kjengen. Det kan sjølvsagt tenkjast at ungar i Side Brok sitt område etter kvart har utvida tydinga av kjeng til å omfatta heile våpenet. Kva trur du?"

Innsendar B skriv:
"Ein biting: Du kalla spretterten for 'kjeng' på sunnmørsk. Det må vel da vere ei vidareutvikling frå ordet for det ein skaut med. 'Kjeng' betyr krampe, eller den bukta spikaren med spiss i begge endane. Denne kjengen brukte vi når vi skaut med sprettert heime i min barndom. Heilt grufullt å tenke på kor farleg dette våpenet var!"

Min kommentar:
Gode og interessante innspel. Poenget mitt var vel likevel ein tekst der Side Brok rappar om å skyte med "kjeng" (låta "Sjarmør" der det heiter "me går i gjeng og me skyte med tsjeng"). For å gjere alt enkelt forklarte eg at å skyte med "kjeng" er sunnmørsk for å skyte med ‘sprettert’ . Det er naturlegvis for enkelt, men det er ikkje heilt feil. Litt forklaring: På møbelbygder på Sunnmøre er "kjeng" òg det same som ‘stift’. Å stifte ein stol er "å kjenge ein stol". Vi kan då tenkje oss fleire moglege grunnar til at "kjeng" også vart brukt om sprettert, slik det vart gjort av slike som meg i barndomen. (Har sjekka opp med eit par informantar.) Den førebelse teorien: I møbelbygdene var og er det ganske god tilgang på kjengar, og rakkarar, dvs. dei som var nokre år eldre enn meg, skaut så med desse kjengane. (Eg gjorde naturlegvis ikkje det.) Å skyte sprettert med kjeng vart så til uttrykket "å skyte med kjeng". For slike som meg vart dermed det å skyte med sprettert kalla å skyte med kjeng, pga. den bakgrunnen. Det er mogleg at tydinga var ganske lokalt og/eller generasjonsavhengig. Det viktige var likevel forklaring i høve til teksten som jo er lokal og generasjonsavhengig. Dette er samtidig noko å gå vidare på.

Så til tabba. Fekk spørsmål om namnet "Side Brok". Etter å ha snakka om "sid" og "sagging", sa eg så at "brok" var ‘bukse", og at ordet frå kjem frå nederlandsk. Dette er sjølvsagt feil. Ordet "bukse" kjem frå nedertysk, medan "brok" er fellesgermansk, jf. norrønt "brók". Derimot har det fellesgermanske "brok" tapt status som "normalform" i norsk, medan det har overlevd i norske dialektar pluss altså i nederlandsk der det er "normalforma". Dette visste eg naturlegvis frå før av, i alle fall burde eg ha gjort det, for eg har til og med snakka om ordet i undervisning. Det har alt kome eit e-brev som påpeikar dette med "brók", og eg ser føre meg eit syrleg innlegg i Dag og Tid.

01 februar 2007

Fagleg-pedagogisk dag

I morgon er det "Fagleg-pedagogisk dag" ved UiB. Ein av føredragshaldarane er vorten intervjua om innlegget han skal ha (om hipphopp). Intervjuet kan du lese her.

29 januar 2007

Samlaget og språksmaken

Sjølvsagt har Bjørn Kvalsvik Nicolaysen rett når han går ut mot Samlaget si manglande satsing på klassikarar. Samstundes har ein Klassekamp-journalist drive og ringt rundt om måten Samlaget normerer nynorsken på. Og for å vere ærleg: Den siste saka er eigentleg mest interessant.

Fyrst pliktløpet: D
et er naturlegvis ikkje slik at det er rettskrivinga som avgjer om nynorsken skal ha framgang eller ikkje, og eg er heller ingen arkaiserande mørkemann, og er heller ikkje imot at Samlaget får statsstøtte. Så eg vil ikkje gå inn i nokon allmenn populistisk kampanje mot Samlaget, for nynorsken treng eit sterkt forlag som kan tenkje strategisk på mange område.

Likevel: Kvifor skal Samlaget i lærebøkene sine bruke ein nynorsknormal der ein som oftast legg seg mest mogleg mot bokmålet? Ved jamstelte lærebokformer vel Samlaget helst former som "komme" i staden for "koma", "først" i staden for "fyrst" og "skole" i staden for "skule".

Motspørsmål: Vel, kvifor skal ein ikkje kunne gjere det?

Svar: Det er ein prinsipiell skilnad mellom lærebokspråket og det skjønnlitterære språket. I lærebøkene er det "normalen" som skal råde, og på bakgrunn av den pressa situasjonen nynorsken er i og på bakgrunn av manglande rettskrivingstame hos ny norskelevane, er det ikkje rett å gå mest mogleg nær bokmålet i lærebøkene. I skjønnlitteraturen må det vere fritt fram, det er noko anna. Lærebøkene kjem i ei særstilling.

Underbygging: For eit par veker sidan, i ein Jack og Jones-butikk av alle plassar, trefte eg ei som driv
og omset lærebøker frå bokmål til nynorsk, og ho får melding frå forlagsdama i Oslo om at dei skal bruke slike former som Samlaget bruker. Dette minner meg om det nokon i Utdanningsavdelinga ved UiB sa då ein god kjenning av meg omsette studiekatalogen til nynorsk, og brukte a-infinitiv, - det var for "ekstremt". Poenget er altså at Samlaget har stor påverknadskraft i nynorsknormeringa også overfor andre forlag, som alle er plasserte i Oslo. Det skaper ein normeringssirkel der ein tilpassar nynorsken til det ein trur er språksmaken til folk i Oslo som eigentleg ikkje likar nynorsk.

24 januar 2007

Snø

Av og til hender det at snøen fell, og at han fell stille. Det skjer sjeldan i Bergen, men når det skjer, er det eit lite under. 16-åringane i Dollie laga ei god setning for det: "Nysnøen laver ned, alt hva du kan se, er det hvite teppet over alt." No snør det ikkje, men snøen ligg der, og alt er berre lyst og annleis. Eg går ut og hentar skia, tek dei fram frå lageret under altanen, for i kveld, onsdagskvelden, bør det vere tid for ski, tenkjer eg. Katten spring etter meg, nyfiken, har jo aldri sett snø før desse siste dagane. Eg kastar litt snø på katten, han prøver å fange snøfnugga, jafsar etter dei med labben, eg kastar litt meir snø på han, og han bykser etter. Deretter går eg ut i hagen, kvit plen, kvitt tre, kvitt gjerde. Så går eg inn att, fyrer i omnen, unnlet å svare på telefonen. Ute lysnar det, meir og meir lysnar det, og eg vert ståande ved vindauget og sjå ut.

11 desember 2006

Ikkje breiband

Ganske surt å ikkje få høve til å ha breiband i heimen. Telefonleidninga er for tynn for ADSL, får eg vite frå diverse breibandsleverandørarar. (Telenor gidd ikkje svare på spørsmål eller purringar om slikt, så eg må få vite det av andre.) Har prøvd UiB si antenne for trådlaust nettverk (VPN), frakta den opp og stod og peiva med den i regnveret ute på altanen, men fekk ikkje signal. Så det er sure dagar.

24 november 2006

Eit brev frå Tarjei Vesaas

Eg sit med arkivet til Studentmållaget i Bergen, og der finn eg eit brev frå Tarjei Vesaas. Brevet er stila til Herr Edmund Utne, og er dagsett 23. januar 1964. Det gjeld tydelegvis førespurnad om å kome og seie noko på eit møte i Bergen. Brevet er i original, og lyder slik:

Brev motteke. Akk, må eg seia! Skrinet er så skrapa som det kan bli. Og ikkje har eg tid til å sette meg ned og truge fram noko - og ikkje ville De vera tent med å få noko slikt heller. De får verkeleg orsaka, det er ikkje vond vilje, men det er det at tidene endrar seg for ein skrivar, ideane innfinn seg ikkje, rett og slett. Det var før det -. Då kunne ein rive av seg noko i ein fart. No får de unge studentane ruske dykk opp og debutere i vilden sky, så her kan bli ein ny nynorsk litteratur att.

Med beste helsing
Tarjei Vesaas

Flytting

På kontoret der eg no sit, ser eg det eirgrøne tårnet på Johanneskyrkja. Til høgre i bakgrunnen åskammen som går bort til Fløystasjonen. Det ligg ei ro over ei slik utsikt. I tillegg ser eg jo dei kvinnelege studentane og andre som går forbi i korridoren på hi sida av atriet. Eg ser òg ei kråke som lettar frå taket, ein måse som svevar i himmelen, skyene som fer buldrande mot nord. Ro og rørsle i harmonisk samklang.

Men no vil fakultetet ikkje lenger at eg skal ha gleda av ei slik utsikt. For berre eit halvt år etter at vi her har flytta tilbake til bygget og til kontora (etter ei renovering), kjem det melding om at vi skal flytte ned i andre høgda på bygget vi held til i. Ein komite har føreslege at dei institutta som er representerte i komiteen, skal ha beslag på dei øvste høgdene. Merkelege greier. Og merkeleg at ein altså må stresse med å flytte igjen. Igjen må ein pakke alle bøkene, lesesalane må pakkast ned, alle kontormøblar må flyttast, alle samlingar må flyttast. Eit stress utan like. Ein må ned i andre høgda der utsikta er ein grå vegg i eit grått atrium, utan verken ro eller rørsle. Sjølv hadde eg jo tenkt å sitje med utsikt mot Johanneskyrkja til eg gjekk av med pensjon 70 år gamal, men slik skal det tydelegvis ikkje verte.

All denne flyttinga får meg til å tenkje på Richard Sennett. Han skriv om det fleksible mennesket, det som er i stand til å tilpasse seg absolutt alt og å flytte på seg i takt med omskiftingar. Det fleksible mennesket er eit naturleg svar på eit samfunn der alt er i rørsle, der alt flyt, der arbeidsplassar og utdanningsinstitusjonar heile tida må omorganiserast, der dataprogram heile tida må oppgraderast, produkt må kastast fordi nye produkt kjem til etc. Det fleksible mennesket er rasjonelt for eit samfunn som heile tida er under vegs, der folk skal vere usikre og omskiftelege, fordi det gjer dei tilpasningsdyktige, arbeidssame, individualistiske, utan tanke for kollektive motideologiar. Slik vil systemet ha det.

Tilskipingar

Det har vore ein del framifrå tilskipingar i november. Fredag 10. november var det kulturkveld i Gimle med Edvard Hoem, Henning Sommero, Olav Kobbeltveit og Fanny Holmin. Dagen etter var det internasjonal konferanse konferanse på Dragefjellet. Alt i høve 100-årsjubileet til Mållaget. Vi som var der, hadde det svært så bra.

01 november 2006

Halloween

Både katten og betrehalvdelen skvatt då det stod fire skrømtkledde ungar utanfor inngangen. Problemet var sjølvsagt snop - vi forstod at det var det dei var ute etter, men hadde ingenting. Ned i butikken og kjøpe smørbukkarameller og vente på neste ringjepå-gruppe. Sjølvsagt er det fælt med denne amerikaniseringa, men ein vil heller ikkje vere kjip. Freista elles å fortelje den yngre generasjonen, som altså stod utkledd på trappa, at det er fyrst neste sundag det er helgemess.

30 oktober 2006

Hildegunn Dale på Nynorskbar

Example
Torsdag 2. november kl. 19.30 vert det Nynorskbar på Cafe Opera i Bergen, og då skal Hildegunn Dale lese eigne dikt. Det kostar berre 40 kr. å kome inn. Høyrer at masterstudentar på nordisk vil ha "fagøl" i samband med arrangementet, så det er berre å vere tidleg ut, skal ein få med seg Hildegunn Dale lese t.d. at «to steinar slepper inn litt vatn/mellom seg.»

Samkyndym í Føroyum

Støtt innsamlinga av underskrifter til støtte for ei lov imot diskrimering av homofile på Færøyane. Skriv under her.

27 oktober 2006

Katt og lyd

Når eg sit i sofaen i stova, grip eg ofte meg sjølv i å sitje og studere katten. Interessant er det å sjå på korleis han reagerer på lydar. Dei verste lydane kjem tydelegvis frå: a) hardingfele, b) Jan Eggum som syng, c) plystring. Dei beste lydane er: a) namnet på katten, b) knitring frå vedomnen, c) lydar som har med laging av mat å gjere.

26 oktober 2006

Firefox, mac og pc

Eg har sjølvsagt lasta ned Firefox 2.0 som har kome i nynorsk utgåve. (Den kan lastast ned her). Rett nok er der noko språkleg rusk, men elles er eg nøgd så langt. Då eg sende gladmeldinga om den nye versjonen til kollegaer, fekk eg derimot svar om at det ved UiB er forbode å laste ned programvare på eiga hand. Eg ringde it-brukartenesta, og ein såkalla dataekspert sa at eposten min kan forsvinne dersom eg installerer Firefox 2.0. Dette skjøna eg ingenting av, og etter litt fram og tilbake fekk eg så ei presisering: Det er forbode for alle med pc å laste ned eller oppdatere program på eiga hand. (For desse må It-avdelinga teste den nye versjonen, det kan take veker, og det er ikkje sikkert ein gir grønt ljos.) For macbrukarar er det derimot fritt fram!

No er eg sjølvsagt macbrukar, men kva slag liv er det desse pc-brukarane finn seg i? Rimi, lotto, VG og kjøtkaker med stua kål kvar dag?

24 oktober 2006

Wikipedia

Har omsider oppdaga nynorskversjonen av Wikipedia, og har alt vore inne og skrive eit par korte artiklar, t.d. om fagdidaktikk, og redigert litt det som står om frisisk språk. Granska elles det som står om målfolk, og då er verken Gustav Indrebø eller Torleiv Hannaas nemnde, medan somme nolevande er det ikkje måte på kor stor innsats har gjort.

03 oktober 2006

Karaoke-testen

I bygde-Noreg er det som kjent populært med karaoke i heimane. Folk kjøper inn karaoke-program til fjernsynet, og syng i veg ved festlege høve. Men det landet som (ved sida av Japan) har mest karaoke, er jo Finland. Folk som av ulike grunnar buset seg i Finland, må alle opp til karaokemikrofonen og lire av seg nokre katteskrik. Når så utlendingar busett i Finland er i utlandet, må dei sjølvsagt oppsøkje karaokebar på den staden dei er. Slik var det òg i Groningen. Då konferansemiddagen var over, var det eitt ord som kom frå finlendingane: "karaoke". Javel, men kvar? Tja, ein kan no spørje seg føre. Og det gjorde ein. Det viste seg derimot at det ikkje fanst nokon karaokebar i Groningen. 100-vis av kafear og barar, men ingen karaokebar. Vel, vel, men ingenting så gale at det ikkje er godt for noko. For kva slags "høflegheitsstrategiar" er det folk vel når ein spør dei om noko som faktisk ikkje finst? Dette måtte sjølvsagt utnyttast i form av ein reaksjonstest. Fram med notatblokka, og spørje folk. Vårt vesle eksperiment, som tok eit par timar, involverte eit tjuetals personar på nokre gater i Groningen. Vi spurde: "Veit de kvar nærmaste karaokebar er?", og så noterte vi ned reaksjonane etterpå.

Der var tre hovudgrupper av reaksjonar:

1) Vise til stader der ein trur at det finst karaoke. Dette var typisk for respondentar som anten var for unge eller kjende seg for gamle til å ha full oversikt over utelivet. Dei viste til stader der dei gjekk ut frå at ein kunne finne karaoke ("i gata rundt hjørnet"). Vi vart òg vist til plassar der det før faktisk hadde vore karaokebar (men som no var nedlagt) eller der det av og til vart stelt i stand karaokebar i to-tida om natta.
2) Konstatere at det ikkje finst karaokebar i Groningen, og kome med orsakingar for det. Interessante orsakingar var: "vi er alle bønder her oppe i nord", "vi i nederland sit berre og drikk når vi er ute", "der var ein før, men no er den lagt ned". Gjennom slike svar gir respondentane seg sjølve, som del av eit kollektiv, ansvar for mangelen på karaoke-stader.
3) Gi katten. Denne reaksjonen var det berre ei gruppe med utanlandsk opphav som kom med.

Ikkje dei heilt store resultata av dette forsøket, men det viser i alle fall at fleirtalet ikkje berre vil konstatere at der er ein mangel, men òg vil prøve å hjelpe til eller reparere på mangelen ved å kome med orsakingar. Og det fortel ein del positivt om folk.

29 september 2006

Ik ben nu in Groningen

Hausten 1992 var ein kjekk ung mann student i Groningen. No er den framleis kjekke mannen tilbake i Groningen, denne gongen paa konferanse. Ein har halde innlegget sitt, snakka med folk fraa ulike land, snakka med professoren som gav kurs i frisisk (og som framleis har teke vare paa innlegget den unge mannen laga), og gaatt rundt og sett meg om, gatene der ein sykla gjennom, der syklar no andre studentar, susar forbi, i dei gamle syklane som gjer at alle, saerleg kvinnene, ser saa langbeinte ut, og ein minnest og ein minnest. Slik er det, ein kryssar sine spor, moeter seg sjoelv, og ser at eigentleg er det mykje dei same spoersmaala og same problema som jagar gjennom ein.

Vel, ein skilnad er der jo, og den er fraa Osteroy.

20 september 2006

Hipphopp i Volda

Example
Fredag skal eg opptre i Volda saman med frontfiguren i "Side Brok". Eg skal etter planen snakke om språkbruk og tekstar i hipphoppen, men kanskje slår eg til med rapp? Den som møter opp, får sjå. Det heile byrjar kl. 12.30 på Høgskulen (Berte Kanutte-huset, store auditorium). Det står meir om arrangementet "her.

Nordkurs i Stockholm

I helga var det varmerekord i Bergen, og naturlegvis var eg då vekkreist. Eg var i Stockholm på kursleiarkonferanse (Nordkurs). Som alltid ein fin by, sjølv om det var valkamp i gatene. Ekskursjon gjennom funkisbydelar i Bromma, til runesteinar og til Sigtuna, elles var det nordisk gemenskap i song og drykk. Den gamle medstudenten min Hadle Andersen vart forresten ny generalsekretær for Nordkurs; han har elles fast stilling som norsklektor i Helsingfors.

12 september 2006

Nynorsklaget

Det går rykte om at Nynorsklaget hadde årsmøte i Bergen i helga. Ein kan dermed vente nye illsinte lesarbrev om kor urettferdig det var at Liv Ingebrigtsen tapte leiarvalet i 1999.

06 september 2006

Maria Parr på nynorskbar

I morgon, torsdag kl. 19.30, er det nynorskbar på Cafe Opera i Bergen. Der kan du møte Maria Parr, forfattaren av "Vaffelhjarte" og vinnar av "Nynorsk barnelitteraturpris" i år. Maria Parr vil lese høgt for oss. Vel verdt å få med seg.

04 september 2006

Veslemjuk på quechua

Microsoft har kome med Windows på quechua.

Jødan, musliman og nynorskingan

Ja, folkens, så er sumaren over, og det er tid for å blogge igjen.

Ettersom eg av litt kompliserte grunnar er medlem av ei epostliste som kallar seg "Høgnorsklista", og ettersom det på denne lista har kome ein del spesielle innlegg frå ein person der, har eg òg indirekte fått med meg at gode, gamle Lars Bjarne har fått seg ei vevside, Maalmannen. Det som står på denne sida attspeglar hovudresonnementet til ei viss gruppe som før var opptekne av målsak: "israel, israel, israel, alle andre målfolk er nazistar, muslimar, israel, israel, israel, alle andre målfolk er nazistar, israel, israel, israel (osb.)". Det heile verkar noko manisk, og er neppe sunt. Men no ser eg det har kome eit svar til Lars Bjarne i form av ei ny vevside: Maalvaktaren. Dette er heilt genialt frå Lars Bjarne si side. Han isceneset seg sjølv som provokatør, slår i hytt og pine, og får det han er ute etter i form av reaksjonar.

15 juni 2006

Flytting

Så er leilegheita seld. Synfaring på måndag, den varmaste dagen i året, og ikkje så mange som møtte opp. Likevel ville nokon kjøpe leilegheita. Eit par i Stavanger som ikkje var og såg på, men hadde sett det heile på Internett.

Fredag er det overtaking i Lauvstakklia. Så er det snart farvel til utsikt mot Nygårdshøgda på eine sida og mot Puddefjorden og Damsgårdsida på hi sida.

Example

25 mai 2006

Det kostar å flytte

Det er sjølvsagt heilt absurd. Til meklinga for å selje husværet på Møhlenpris går der 100 000 kr. Så går der 65 000 kr. i diverse utgifter til staten for å få nytt husvære. Altså: 165 000 (minst!) i papirarbeid for det å flytte frå ein plass å bu til ein annan. Og så skal det leggjast ny tapet i gamlehusværet og i nye husværet må der nytt kjøkken, ny tapet, stova må tryllast større etc. Glatt 100 000 i dette. Fattar ikkje kvifor eg gjer alt dette når ein sikkert skal flytte endå ein gong om eit par år.

06 mai 2006

Konsert

med KOR E TONEN sundag 7. og måndag 8. mai. Det heile skjer på Fensal kl. 19.30. Songane er: Tourdion, Bruremarsj frå Valsøyfjord, Il est bel et bon, Locus iste, Ho Guro, Ormen Lange, Dalakopen, Eg ser deg, Tikanpolka, Sommarpsalm, Hallingvisa, I will greatly rejoice. Gode og rimelege kaker å ete etterpå. Kom, kom!

Vår på Møhlenpris

Kvart år skjer det same, like brått og uventa, som om ein ikkje skulle tru det ville skje, men så skjer det likevel, våren er her. I løpet av tre dagar er trea grøne, og alt vaknar til livet. Som Lars Amund Vaage skriv i Rubato, våren kjem "med ein smell, med eit blaff, slik er det i Bergen, ein jubel, ei summing, ein ynde i byen, våren kjem i høgt tempo, herjar i oss, rasar ikring oss [...]" 100-vis av folk i Nygårdsparken, bikini og grilldressar. Bauekorps på fotballplassen. Alle mogleg slags folk surrar rundt. Nokre sit på fortauet. Ungane syklar. Hundane spring. Kattane ligg midt på gata.

Møhlenpris er ein bydel som kjem til sin rett når det er vår og sumar. Ei avslappa stemning, på vestsida av Nygårdshøgda. Og altså den bydelen ein skal flytte vekk ifrå. Eg lurer på om det står noko om Møhlenpris på veven, og då finn eg
denne bloggsida med ei rad bilete. Vel verdt å sjå nærmare på. Ein kan elles kike på sida til Møhlenpris velforening. Og ein sjå i leksikon om Jørgen Thormøhlen, han som har gitt Møhlenpris namnet sitt. Då vil ein sjå at setelvesenet i Noreg har basis på Møhlenpris, og at der er samband mellom Møhlenpris og dansk-norsk slavehandel, for Thormøhlen hadde sjølvsagt einerett på handelen på den dansk-norske kolonien St. Thomas.

I dag er Møhlenpris kanskje den mest samansette bydelen i Bergen, sosialt, økonomisk, etnisk, språkleg, og den valkrinsen i Noreg der RV skårar høgast.

02 mai 2006

Ny plass å bu

Example
Ja, så er det snart farvel til Møhlenpris og goddag igjen til solheimsvikområdet. Har nemleg kjøpt ny plass å bu i dag! Den nye adressen vert Lauvstakklia 1 a, og innflyttinga skal skje 15. juni. Det dreier seg om halvparten av ein vertikaldelt tomannsbustad, meir presist den halvparten som er nærmast på biletet. God plass og suveren utsikt. Flaggstang er rett nok eit aber. Her kan ein lese alt om objektet.

26 april 2006

Kvinnemafiaen

Eg slår opp på vevsidene til Noregs Mållag. I dag er der 21 bilete av personar på sida; 19 av desse er bilete av kvinner, to av menn.

Kvalitetssikring av journalistar?

Det er interessant å sjå korleis journalistar kokar suppe på spikar. No har dei eit par dagar skrive at norsk lærarutdanning (på høgskulane!) er for dårleg. Og det kan det i og for seg vere noko i (ein har jo sagt ingenting om universitetet..). Likevel: Kva er grunnlaget til journalistane når dei skriv om saka? Dei som laga artikkel fyrst, var Dagsavisen. I ettertid har journalistane og posørkommentatorane i dei andre avisene stort sett bygd på denne artikkelen. Dagsavisen viser i sin tur til ein NOKUT-rapport. Problemet er berre, som NOKUT sjølv skriv, at sluttrapporten kjem i september i år, medan jo midtvegsrapporten har vore tilgjengeleg sidan september i fjor. Det har kome ingenting "nytt" i saka, slik journalistane vil ha det til. Rett nok har det kome andre rapportar, t.d. ein om norskfaget der det vert føreslege fem-årig lærarutdanning med meir vekt på fag, men det er nokre månader sidan. Det einaste nye som har skjedd den siste tida, er jo at KS vil gjere lærarane til ufaglege funksjonærarar, og at det i tida fram til streikeperioden vil føregå ein mediekamp om sympati. I så måte er utspelet no interessant. Men kanskje nokon kunne gjere ei kvalitetssikring av journalistar?

05 april 2006

Ny Nynorsk bar

Torsdag 6. april kl. 19.30 er det Nynorsk bar på Cafe Opera, andre høgda. Linda Eide kåserer om påska, for snart er det påske. Pris: 40 kr. Tilskipar er Bergen Mållag. Så det er berre å gå. (Spesielt interesserte vil dessutan få vite kven som innstild som ny leiar og ny nestleiar i Noregs Mållag.)

04 april 2006

Vaskemaskin-banning

Den stakkars bussjåføren oppe i Saltdalen skulle reparere vaskemaskina. Sonen tok det heile opp på kassett. Jau, då, mange har høyrt bannskapen tidlegare, men her kjem det heile med ein slags transkripsjon. Nokon bør forresten lage ein betre transkripsjon.

28 mars 2006

Trå

Eg les i Klassekampen at Sarah Kane er "aktuell". Eg kjenner berre til "Crave" av henne, men det er i alle fall eit stykke eg likar, og det kan med fordel lesast på ulike språk og sjåast på ulike teaterscener. "Crave" er omsett til nynorsk av Finn Iunker, og den omsetjinga er framifrå (skal ikkje seie noko om Iunkers private nynorskkonsulent). Tittelen kunne derimot ha vore annleis. Den vart "Må". Finn Iunker smatta på "Trå", men forlaget likte ikkje den tittelen. På tysk er tittelen forresten "Gier", og ein kunne òg ha valt "Gir" på norsk (sjå forresten Fløgstads utgreiing om "GIR" i kp. 4 del 1 i "Det 7. klima"). Men "trå" er betre. Det er meir futt over det å trå etter eigedomen og ektemaken åt nesten sin enn det å gire/vere gira på eigedomen og ektemaken åt nesten sin.

Elleve lausrivne sitat frå den norske omsetjinga:
- Eg har feika orgasme før, men dette er første gong eg har feika ikkje å få orgasme.
- Når han er raus, vennleg, omsorgsfull og glad, veit eg at han er utru.
- Det som bind meg til deg er skuld.
- Du er ikkje eit dårleg menneske, du berre tenkjer for mykje.
- Eg såra henne, er ikkje det nok?
- Høyrer du nokon gong stemmer? Berre når dei snakkar til meg.
- Sigarettane drep meg ikkje fort nok.
- Det er som å vente på å håret skal gro.
- Eg drikk ikkje. Eg hatar røyking. Eg er vegetarianar. Eg driv ikkje og køddar. Eg har aldri kjøpt meg hore, og eg har aldri hatt smittsame sjukdomar bortsett frå litt sopp. Dette har nok gjort meg til ein sjeldan fugl, for ikkje å seie eit unikum.
- Eg vil ikkje døy einsam og ikkje bli funnen før skjelettet er reint og leiga gått ut.
- Vi elska, så kasta ho opp.

24 mars 2006

Kryptisk song og spel for galleriet

Folkemusikk-konsert i kveld, fredag 24. mars, kl. 19.30 i Galleri Gathe, Strandgt. 86 (Gågata). Utøvarane: Eirin Røykenes (song), Anne Murstad (song) og Ingvild Kleiveland Vevle (hardingfele). Inngang kr. 80, og dørene opnar kl. 19. Ein får kjøpe både øl og vin, og kan elles sjå på utstillinga av Janine Magelsen og Lise Bjørne. Så her er det berre å kome seg på konsert.

22 mars 2006

Livet i revy

Kvar gong eg slår av og så slår på att PowerBooken min, vert datoane "nulla", dvs. eg endar alltid opp med 1. januar 1970. Spør meg ikkje kvifor. Sender eg då epost får ebrevet sendardato 1. januar 1970. Lite lurt. Når eg så klikkar på tasten for å nå 2006 ser eg alle årstala, 1971, 1972, 1973, 1974, 1975, 1976, 1977, 1978, 1979, 1980, 1981, 1982 osv. rulle forbi. Og det er nett som livet rullar forbi. Kva skjeddde desse åra? Kva har eg fått gjort på denne tida? Er eg verkeleg så gamal? Slik vert eg sitjande og fundere kvar gong eg slår på Power-Booken.

18 mars 2006

Retorikk utan engasjement

Arbeidarpartiet har laga eit grundig notat for korleis ein skal møte FrP. Notatet kan lesast i Aftenposten, for ein klarte å feilsende notatet til ein FrP-politikar. Eigentleg mykje interessant i notatet. (Minner forresten litt om fraksjonsnotata frå mållagslandsmøtet 1999 [dei vi reine fekk sjå i forfjor].) Problemet er meir at forfattaren, 1. amanuensis Jens E. Kjeldsen, jo gir seg ut for å vere "nøytral retorikkekspert". Kjeldsen driv på den eine sida, ved sida av universitetsstillinga, eit selskap som bl.a. får pengar frå Arbeidarpartiet for å gjere retorikken deira betre. Dinest får han pengar frå aviser for å vurdere t.d. Arbeidarpartiet sin retorikk. I notatet skriv Kjeldsen om korleis Stoltenberg skal få Siv Jensen til å verke sur. Deretter gir han dommar i Aftenposten og BT om ordskifte mellom Stoltenberg og Siv Jensen, og seier der at Jensen verka sur.

Vel så interessant er det Kjeldsen seier til Bergens Tidende i dag: "Eg har ikkje noko politisk engasjement". Vidare: "Eg har berre utført eit oppdrag. Eg har uttala meg om faget mitt." Herrejeremias. Det er fantastisk at ein oppegåande person som uttalar seg om samfunsspørsmål kan fråskrive seg sitt eige ansvar som samfunnsaktør. At han så seier at han jamvel vil ha kurs for Unge Høgre, får meg til å lure. Kjeldsen driv her, til liks med sofistane i si tid, anvendt retorikk (til dei som kan betale). Det er ikkje noko gale med det (jamvel om universitetsfolk ikkje skal drive business). Problemet vert meir mangelen på medvit og sjølvrefleksjon. "Berre eit oppdrag". Som om det ein gjer har ingen politiske implikasjonar. Og kvifor berre fokusere på den forma for retorikk som er instrumentell? På den retorikken som gjer den strategiske handlinga til mønster for talen? Det var nettopp den same fella sofistane gjekk i (og som Platon skriv om i "Gorgias"). Det var retorikk utan engasjement, utan medvit og utan kritisk potensiale.

17 mars 2006

E-søknad

I dag skulle eg sende inn ein prosjektsøknad til eit program i Forskingsrådet, praksisretta FOU i grunnopplæring og lærarutdanning/. Vi er ein gjeng på HF som har kokt i hop noko vi søkjer litt "prosjektutviklingsmidlar" til, det heiter "Strategiar for språkkompetanse", og eg skal stå som leiar. Problemet er at Forskingsrådet berre vil ha elektroniske søknader, e-søknader, og sjølvsagt klussa alt seg rett før 12 då fristen gjekk ut. Vi var ikkje ferdige før, men då byrja alt å gli på plass, klokka var fem på tolv, alt verka greitt, men så kom ikkje søknaden seg av garde. Feilmelding, men inga spesifisering. Og då klokka vart 12, låste alt seg. - Ein tidsfrist er ein tidsfrist, seier systemet. - Etter den slettar eg alt, held systemet fram. Så alt det med budsjett, milepålar, den ti siders prosjektskildringar, dei mange møta gjennom fleire veker – er alt dette forgjeves? Kanskje like godt. Får sjå kva dei seier på måndag. Lagnaden avgjer.

13 mars 2006

Typisk oslosk

Ei lang kor-helg. Omsider sundagskveld, og eg set meg ned og kveikjer fjernsynsapparatet. Jammen santen så er det ikkje "Typisk norsk". Men det er ikkje mykje eg får sjå. Arne Torp på Island får eg med meg. Men når denne Petter-kvikkasen skal kjekke seg med målstriden, vert sambuaren så arg at eg ikkje ser anna råd enn å sløkkje fjernsynet før ho kastar det ut av vindauget.

10 mars 2006

Nynorsk i BA

Torsdagsmorgonen hadde Bergen Målungdom aksjon utanfor redaksjonen til Bergensavisen – for nynorsk i BA. Eit framifrå tiltak! Skriv under her. Ordskifte med heilt uhyrlege utsegner finn du her. Nokre smakebitar:

• "Nynorsk er et facsistisk lavkastesystem for striler og ferdig med den saken."
• "snart skal vel BA trykkes på muslimsk også...eller hva med svensk , ??Mål laget kan vel trykke sin egen avis siden det visstnok skal være så stor intersse.."
• "Det siste vi trenger er en Bergensavis på grautmål. Nynorskfanatikere som søker å nynorskifisere Bergen befinner seg i feil by. Reis til Telemark!!!"
• "Ka i svarte e det folk tenker me???En eller annen tulling som har klart å finne på at vi BERGENSERE skal ha mer nynork må jo vere helt tett i pappen. Vi e jo BERGENSERE... Vi har vår egen dialekt og egen måte å skrive på."
• "Til HELVETE MED IVAR AASEN. Nynorsk skaper forvirring og forurenser språket.La bøndende fortsette å skrive nynorsk, men la det være valgfritt."

For ordens skuld: Eg ser der er fleire gode innlegg for nynorsk òg.

08 mars 2006

Matriarkatet

- Skal vi ikkje gå ein tur? spør den betre halvdelen. - Gå du, svarar eg. For i dag er det tryggast å halde seg innandørs. Som nemnt i 10000000 avisartiklar og 100000 bøker er dagens feministar kåte, og er det noko eg vil unngå, så er det å verte krafsa på når eg går ut. Eg er nok ikkje åleine om det. Det er vorte heilt normalt at kjekke nestenunge menn held seg vekke frå offentlege stader, av di ein vil unngå sexpress.

Noregs Mållag på tysk

I visse miljø diskuterer ein kva Noregs Mållag kan heite på tysk. Aktuelle alternativ så langt:
• Norwegische Sprachgesellschaft
• Gesellschaft für die norwegische Sprache
• Norwegischer Sprachverband
• Norwegischer Sprachverbund
• Norwegische Organsation für Neunorwegisch
• Sprachgesellschaft Norwegens

Eg held ein knapp på "Norwegische Sprachgesellschaft". På engelsk er forresten nemninga Norwegian Language Society.

07 mars 2006

Pengar å tene på blogging

Jill Walker har fått 100 000 kroner frå UiB for blogg-sida si, jill/txt. Ho har nemleg vunne ein formidlingspris frå Meltzerfondet, skriv På Høyden, UiB si vevavis. Ikkje verst! Der er altså pengar å tene på blogging. Det viktigaste er likevel at blogging får status som forskingsformidling. For å gjentake meg sjølv: Ikkje verst! Så er då òg bloggane vår tids "Eige forlag". Eg les elles at Jill Walker er tilsett ved Seksjon for humanistisk informatikk. Det faget som i dag heiter "humanistisk informatikk" heitte forresten tidlegare "EDB for humanistar". Eg hugsar ein gong på 1990-talet, det var nokre realfagsfolk som lo så fælt av det namnet; dei lurte på om det ikkje òg fanst "EDB for kristne". Men slike dårlege vitsar får dei ikkje høve til å kome med i dag.

Stemmegrupper i kor

I eit blandakor er der visse spenningar mellom dei fire hovudstemmegruppene: bass, tenor, alt og sopran. For når ein går inn i ei stemmegruppe, går ein òg inn i visse roller, og desse rollene kan ein lese om her. Det ser kanskje litt teitt ut det som står der, men det er nok korrekt. Det gjeld vel òg det poenget om at sopranane er dåneferdige når dei høyrer tenoren, men likevel endar opp med å fylgje bassen heim. Dei råda ein finn her, kan derimot ikkje tilrådast.

02 mars 2006

Ane Dahl Torp

Example

Filmen "Gymnaslærer Pedersen" burde vel ha heitt "Nina Skåtøy". I alle fall er det ikkje mogleg å lese noko om filmen utan å lese om Ane Dahl Torp. Klassekampen merkar seg ut med å ha bilete av Ane Dahl Torp på framsida stort sett kvar dag. Dei dagane ho ikkje er på framsida, er ho inne i avisa. Ingenting gale i det. Pedersen er ein Serenus Zeitblom-figur som bør få sleppe mediemerksemd (jamvel om han i filmen fyrst og fremst er gjort til ein grabukk). Medan Skåtøy er den eldfulle (fantastsida er mindre kommunisert i filmen), og eldfulle kvinner gjer seg nok betre i media. Det kan diskuterast om den eldfulle sida er overkommunisert i filmen, t.d. i elskovscena (ein vossahistorikar meiner t.d. det i Dag og Tid), men den diskusjonen tek vi ikkje her.

Også denne vevsida tek med eit bilete av Ane Dahl Torp. Det er frå rolla som Nancy Drew i Radioteatret. Kvifor ho skal ha den frisyren og det kostymet for å spele i Radioteatret, er uklårt.

01 mars 2006

Seng og bøker

Det er ikkje for å skryte, men senga brotna.

Det var dei småe pilarane i midtstanga på sengebotnen som brotna. Eg hoppa opp i senga, som eg av og til gjer, og så kom der eit brak og alt rausa ned. Dramatisk var det, og naboane tenkte vel sitt. Men ingen kom til skade, og det viste seg at sengebotnen ikkje vart øydelagd, berre litt benda. Seljaren på Bohus sa i telefonen at slik går det når ein ikkje kjøper seng til 10 000 kr; han føreslo at ein legg bøker under, så held senga. Så etter ei natt på golvet, vart det i går lagt ein del bøker under midtstanga, og så la huslyden seg til for å sove. Det var vel ikkje fritt føre at ein gjorde seg sine tankar om kor vidt bøkene ville gli unna. Og medan ein låg og tenkte på slikt, var natta brått over, ein ny dag hadde kome, og det var på tide å stå opp.

23 februar 2006

Nynorsk f-prat

For nokre dagar sidan skreiv eg litt om kvinnekroppen. Og malapropos så dukka det nett no opp eit ebrev med informasjon om eit møte der ein skal prate om ein kvinneleg kroppsdel. Redaktøren i Syn og Segn skriv:

"Kva ligg i ordet FITTE og kva veit eigentleg kvinner om det dei har mellom beina?

Kan kvinner skrive like utfordrande som menn, uten å verta sett på som «kåte», «erotiske» eller sett i andre tilsvarande trange båser? Er det spekulativt når kvinner nyttar sex i sine tekstar, men ikkje når menn gjer det? Er unge kvinner meir frigjorte seksuelt og er Dagbladet Fredag si sexspalte på fredag eit bevis på det?

VELKOMMEN TIL FITTEPRAT PÅ LOGEN 7. MARS
med forfattarane Olaug Nilsen, Gunnhild Øyehaug, Ragnfrid Trohaug, Gro Jørstad Nlsen, Tormod Haugland, Ellen Mortensen (litteraturvitar), Kristina Johannessen (gynekolog). Musikk: Fanny Holmin og Dj Barabass"

Sjølv interesserer eg meg verken for Dagbladet si sexspalte, Syn og Segn eller kva norske kvinner veit om det dei har mellom beina, og eg skjønar heller ikkje dei småborgarlege greiene om vilje skrive om sex, men har angst for å verte stempla som ‘kåte’. Eg vil oppmode norske kvinner i visse lag og visse aldersgrupper om å halde sine heilt private oppdagingar av sin eigen kropp for seg sjølv. Eller å fokusere på meir sentrale kroppsdelar, t.d. navlen.

21 februar 2006

Kor e tonen

Har omsider byrja i kor – Kor e tonen/.

Verkar bra og hyggeleg. Øving kvar måndag.

17 februar 2006

Kvinnekroppen og skriving

Kvifor har skrivande kvinner det enorme fokuset på kroppen sin? Tenåringsjenter skriv innlevande stilar om anoreksi og motejag, når dei vert midt i tjueåra og midt i tredveåra skriv dei romanar og bloggar om seksuallivet sitt og om ulike kroppsdelar. Eg skjønar ikkje denne interessa. Den er no ein gong der, kroppen. Som Ivar Medaas song: Du skal vera glad for den nasen du har, sjølv om han er både krokut og rar.

Dei som skriv så mykje om kroppen, er jo unge, pene akademiske kvinner frå mellomlaga i samfunnet, og det er fåe som er så kroppsfokuserte (og sjølvsentrerte) som dei (unntaket når det gjeld sjølvsentrering er vel nestenunge akademiske menn + visse 50-60-årige menn i målrørsla, men dei held vi utanfor no). Samtidig trur eg den kroppsfokuseringa og sjølvsentreringa åt dei nemnde kvinnene ikkje berre heng saman med denne sosiologiske gruppa sine eigne frustrasjonar, men òg med skulen. Skulen gir gjennom si skriving systematisk jenter fordelar, av di norsk skrivepedagogikk er så gjennomsyra av det forteljande, det personlege, det autentiske. I alle fall er det mykje interessant å hente ut frå ein del nye systematiseringar omkring skriving i skulen (t.d. frå KAL-prosjektet og frå PISA-undersøkinga). I KAL-prosjektet vert det vist til korleis skriveopplæringa neglisjerer gutane sine interesser, røynsler og verdiar, og oppmuntrer jentene sine. Eg har lufta dette for studentane, men dei viser til at professorane er menn, og at eg ikkje har noko med å snakke om undertrykking av menn i skulen. Dette er noko eg vil kome tilbake til.

09 februar 2006

Eigedomsmekling på nynorsk

Å vere på bustadjakt, er traurige greier – leite på nettet, fare på synfaring, tid, tid, tid, nesten like tidkrevjande som møta på universitetet. Interessant då at det faktisk finst prospekt frå meklarfirma som er på nynorsk. Det er tale om bergenskontoret til Re/Max som har bustadprospekt på nynorsk og der jamvel to av meklarane bruker nynorsk på heimesidene sine. Då eg spurde etter takst på eit husvære, fekk eg forresten ebrev som vart avslutta med "vyrdsamt". Dette er noko heilt anna enn det desse kriminelle dyslektikarane på Notar byr på.

Re/Max er eit internasjonalt konsern, så det er heilt rett av målrørsla med ei internasjonal satsing.

07 februar 2006

Kampen mot dansken

Example
Die westlichen Demokratien sind dekadent, og målfolk er blant dei mest dekadente. Såleis er det folk i heilt andre delar av verda som fører kampen mot dansken.

Men kanskje finst der von. Skal ein tru det den urbane Syn og Segn-redaktøren visstnok har sagt (på fjernsyn) om Hamas i målrørsla, bør der vere grunnlag for nye og interessante alliansar.

06 februar 2006

Saman

Example

Det er samisk nasjonaldag i dag. Vi gratulerer, og nyttar høvet til å vise til Trond Trosterud si vevside om samisk på data.

Farlege måltroll

Det var ei forvitneleg hundreårsmarkering i Kristiania i helga. Slike feiringar får fram mykje god galskap, og ein reiser heim glad og nøgd. Men som Einar Økland med rette seier det, ein bør vere kritisk til slike feiringar, ja, ein bør vere kritisk til alt Mållaget gjer og ikkje gjer. Difor var det litt òg på sin plass med diktet G. Harildstad nett har sendt ut på ei epostliste. Det er tale om ei fri omdikting av "Farleg vind" av Tarjei Vesaas. Omdiktinga er til Mållag Noregs ved hundreårsleitet:

Farlege måltroll

Måltrolla blæs og borar.
Gamle måltroll dansar.
Gamle måltroll knirkar.

Men gamle måltroll blir
nye og farlege
i den unge vind.

= = = =
Originalen

Tarjei Vesaas:

Farleg vind

Vinden blæs og borar.
Gammalt lauv dansar.
Gamle dører knirkar.

Men gamle tankar blir
nye og farlege
i den unge vind.

31 januar 2006

VG gratulerer

I dag vert Mållaget gratulert på leiarplass i VG. Avisa gratulerer Mållaget med 100 års arbeid for nynorsk. Rett nok er det tale om ein minileiar, men likevel. Ein minileiar er betre enn ingen leiar. Ein får tru at dette er fyrste steget på veg mot nynorsk i spaltene.

Pasienten forstår ingenting

Aftenposten Aften dekkjer kulturlivet i Oslo. Ein viktig del av det kulturlivet er russerevyar, og i meldinga av Ulsrudrevyen les vi dette: "Det er mye gråstein i «Golddiggers» men enkelte ganger finner Ulsrud- elevene glansnumrene de leter etter. Som når Iyoel Tasfadi i sketsjen «Indisk lege» spiller nettopp en indisk lege som er pålagt å snakke nynorsk til pasienten under hele konsultasjonen. Som du sikkert allerede har skjønt: pasienten forstår overhodet ingenting."

18 januar 2006

Forskefusk

Denne lækjaren ved Radiumshospitalet har gjort det verste ein forskar kan gjere: fuske. Ei ekstrem form for doping kallar nokon det. Sant nok. For det er resultata som tel, resultat i dei fremste tidsskrift, helst dei i gruppe 2 – på den måten kan ein ikkje berre få prestisje, men også stillingar, forskingspengar og tid til å forske endå meir. Og dersom ein ikkje publiserer, går det ein ille. Fuskesaka illustrerer dessutan dette med autoritet gjennom namn og ikkje gjennom sak og argument. Det er viktig å ha autoritetar med på forfattarlista, og det gir makt å takke den og den autoriteten for hjelp. Forfattarnamna og tidsskriftnamnet gir meir autoritet enn kva som faktisk vert skrive. For ein forskar har jo ikkje tid til å lese kva som faktisk står i artiklane. (Ja, det er dei i akademia som seier at ein kan berre take seg tid til å lese innleiinga og konklusjonen i artiklar; alt som ikkje vert presentert der skal berre fungere som dokumentasjon. Akk.)

Men ei puristside må ha fokus på det språklege. Poenget vårt i dag er at avisene skriv om "forskingsfusk", men heller burde ha skrive om "forskefusk" slik at vi fekk ein god ordgranne til ordet "fiskefusk". Det kling nemleg betre lydleg med "forskefusk" enn "forskingsfusk". (Rett nok tyder mykje på at ordgrannen "fiskefusk" har "fiske" som substantiv og ikkje som verb, slik jo "forske" i "forskefusk" fungerer, men det er det ikkje så farleg med.)

16 januar 2006

Seminarisme og skuld

I dei tre fyrste månadene av i år skal eg ha fire opphald på Solstrand konferansesenter i Os, og eg er no godt i gang med opphald nummer to, vart berre avbroten av helga. Har i dag snakka om det å skrive doktoravhandling - om korleis skriveprosessen endrar seg etter kvart – for ein flokk oppegåande doktorgradskandidatar. Det heile er ein del av Forskarskulen ved HF-fakultetet i Bergen. Nyttig og greitt altså.

Dette med å vere på Solstrand gir jo eit løft, for maten og spa-avdelinga er ikkje så verst, og det er fint å sjå soloppgangen frå vindauga.

På seminaret vart det i dag snakka mykje om den skuldkjensla ein har, alle som driv med forsking. Skuldkjensla sit djupt i kulturen, og særs djupt sit ho hjå forskande vestlendingar. Sjølv om slike folk sit på kontoret til to om natta for å løyse opp ein tekstfloke, har ein skuldkjensle for alt som ikkje vert gjort, og ein vaknar sveitt om morgonen og tenkjer på alt ein skulle ha levert.

Difor fortener ein litt ok tilhøve av og til, jamvel om ein av legning er protestant, pietisk og purist.

04 januar 2006

Die fetten Jahre sind vorbei

Berlinopphaldet er forlengst over. Farvel Kreuzberg, Dieffenbachstrasse med grønsakhandlar frå Tyrkia, avishandlartvillingar frå Romania, hippe kafear og bakeri. No sit ein på eit universitetskontor og stirrar ut vindauget. Ute regnar det.

Ikkje for det – det er nok å gjere, uhyre mykje, faktisk, samstundes har ein det ikkje så verst der ein sit i fast stilling. Den skal eg naturlegvis sitje i til eg vert 70.

Logikken i ei slik fyrstemanauensisstilling er å unngå dei mest håplause pliktene, og å publisere, publisere, publisere i tidsskrift av typen nivå 2, slik at ein kan verte professor før ein er 40. Problemet er naturlegvis at undervisninga, rettleiinga og all administrering tek så mykje tid at ein knapt får høve til å skrive artiklar, dvs. ein må gjere det på kveldstid og i helgar, slik ein arbeidde som stipendiat, men det er ikkje så lett når ein òg skal vere sosial i heimen. Dermed vil ein gå rundt med dårleg sjølvbilete, stive skuldrar, verte utbrend og må sjukmelde seg. I alle fall dersom ein fylgjer det etablerte mønsteret.

Så det var nok mykje enklare å vere stipendiat, likevel.

15 desember 2005

"Rettet den Palast!"

Det er no vedteke. I januar byrjar rivinga av Palast der Republik - hovudsymbolet paa DDR. Rivinga vert overförd direkte paa ei internett-side; vi kjem tilbake til den seinare.

Palast der Republik var ikkje berre parlamentet for DDR. Her var òg store kulturarrangement og julefestar for ungane. Det skulle vere folkets eige hus, maa vite. I dag er det ikkje noko vakkert syn der det staar.

Det finst dei som vil redde palasset. For nokre veker sidan kunne ein sjaa Liknkspartei-politikarane Petra Pau og Gregor Gysi i spissen for ein demonstrasjon med slagordet "Rettet den Palast!". `Det finst òg fleire planar om kva palasset kan brukast til. Men det er nok for seint, bygninga er full av asbest, og alt maa rivast i alle tilfelle, sier bygningsfolk. Kanskje kunne ein ha redda bygninga om ein var ti aar tidlegare ute (jf. det ein har gjort med Berlemontbygninga i Brussel), men i staden er ein altsaa ti aar for seint ute.

Berlinarar av den gamle garde vil ha tilbake slottet paa tomta. (Meir om det initiativet her.) Det er sjölvsagt absurd aa byggje opp att slottet. Heldigvis har korkje den tyske staten og Berlin kommune raad til slik nywilhelminisme.

14 desember 2005

Kvit fisk og innmat

Ingvild vil deltake på julearrangement i Berrrrgen, så ho har reist heim ei veke før meg. Men eg held altså ut, og kan gjere det eg eigentleg vil. Går såleis i einsam majestet rundt i dei 95 kvadratmetra i Dieffenbachstrasse, kikar ut vindauget, set meg ned ved skriverbordet, slår opp i dei mange bøkene, prøver å fortrengje all ubehageleg epost, reiser meg opp og ser etter posten som kjem frå ei luke i døra, kokar litt kaffi eller kanskje eg skulle take te, støvsyg, syklar laaange turar, går i bokhandel og i bibliotek, sym 1000 meter, syklar heim, snakkar med avismannen, går opp trappene og lagar til kvit fisk, t.d. steinbit, eller innmat, t.d. steikt lever med kokt eple.

Du har så store bøker

Var ein svipptur til Oslo laurdag-sundag. Hyggeleg å treffe folk, og å verte oppdatert på kva som skjer i åndslivet der nord. (Jamvel om det å gå ut er noko ein skal straffast for gjennom skyhøge prisar på drikke og mat.) Fekk elles ei aha-oppleving då eg midt på dagen sveva gjennom hyllene i Norli bokhandel. Der er nemleg så stort format på norske bøker! Det gjeld særleg fagbøkene. Dei har dessutan ofte altfor stor skrift på sidene. Kvifor skuldast det eigentleg? Er det av di det vert gitt ut så fåe fagbøker i Noreg, at det som vert gitt ut hovudsakleg er innføringsbøker, og at dei må visast meir att? Men det gjeld òg romanar som det jo kjem ein del av. Eg har nok meir sans for det mindre formatet, t.d. det formatet som norske og dansk-norske forfattarar publiserte i på slutten av 1800-talet. Bøker i det formatet er gode å halde i og gode å lese frå.

06 desember 2005

Indrefileten i tysk grammatikk

"Konjunktiv 2 er indrefileten i tysk grammatikk." (Sagt av kjend vossahistorikar ved bardisken på Atlantic, Bergmannstrasse, Kreuzberg.)

01 desember 2005

Matisyahu

Siste dagen i november var vi på konsert med Matisyahu, ein jødisk-mystisistisk reggaeartist. Matisyahu har ei tøff og livleg sceneframføring, kledd i svart hatt og med langt skjegg. Musikalsk blandar Matisyahu reggae med hipphopp, og han fungerer som ein rappar på svena. Resultatet var uhyre interessant og bra. Dessutan har mannen ei framifrå stemme.

Matisyahu (hebraisk form for ‘Matteus’) er berre 24 år, frå USA, og freistar å leve eit åndeleg liv der han vekslar mellom yeshivaen (bibelskulen) i New York og scena. Tekstane hans dreier seg mykje om det seinmoderne forvirra mennesket og det heilage, dessutan om religiøse symbol. Orienteringa hans går mot kabbala, som ho jo òg gjer blant mange nyreligiøse, t.d. Madonna. I intervju med Tageszeitun 30.11.05 fortel Matisyahu at han likevel ikkje vil vere misjonær med musikken.

Konserten var i Kalkscheune, i Mitte, nær eit gamalt jødisk kjerneområde i Berlin. Det bur fåe jødar fast i Berlin i dag – grunnane til det er velkjende – og tydelegvis var fleire av dei som var på konserten, tilreisande jødar. Mange av dei tok bilete med mobilen sin. Greitt nok det. Men ein som stod bortanfor oss dreiv heile tida og såg på mobilskjermen sin, for å få gode nok bilete, og når konserten var over, såg han på bileta han hadde teke. Han såg faktisk heile konserten gjennom ein mobilskjerm. Det er ei form for framandgjering eg tykkjer er fascinerande. Observere livet gjennom ein mobilskjerm.

29 november 2005

Italiensk pønk

Kvart år har den legendariske rockeklubben SO 36 i Kreuzberg ein italiensk pønkfestival. I år hadde Italia Punk 05 vitjing av meg, i alle fall torsdag 24.11., saman med nokre hundre andre galne italienarar. Det bandet som gjorde eit framifrå inntrykk, var derimot ikkje italiensk, men baskisk, og heiter Betagarri. Særleg bra var blåsarrekkja (trompet, trombone, saksofon). Vokalisten likna ei blanding av italiensk mafia og spansk lerhomse. Bandet har forresten ei heimeside der du kan velje mellom baskisk, katalansk, kastiljansk, galisisk, engelsk eller fransk. (Så viss nokon masar om at det "kostar å ha heimesider både på nynorsk og bokmål", så vis til kva Betagarri gjer.)

Noko som er interessant, er at pønken til liks med hipphoppen viser stor regional og lokal variasjon. Kvifor det i dag er Italia pønken står sterkast, veit eg ikkje.

Diverre er det i italiensk ungdomskultur ikkje uvanleg å seie at ein er "fascist" eller "anarkist". Kanskje er det dette umogne som gjer at italiensk politikk er slik han er? Det er så mangt ein får å tenkje på etter å ha vore på italiensk pønkfestival i Berlin.

21 november 2005

Reven på Alexanderplatz

Eg såg to revar på Alexanderplatz, midt i Berlin, rett ved Fjernsynstårnet. Det var onsdag, tidleg kveld, og eg var på veg heim. Gjekk mot Fjernsynstårnet ved ei fontene. Som så ofte før i eigne tankar. Veret var surt. Skodde flerra Fjernsynstårnet. Den prøyssiske steppevinden bles tvers gjennom skjelettet. Og så kom der to revar springande langsmed fontenevatnet, og drakk litt. Den eine sprang tilbake. Den andre for litt mot meg, blunka lurt, før han sprang vidare.

Kvar kjem så desse revane frå? Frå Tiergarten? Frå ein av dei andre store parkane? Ikkje godt å seie. Men rev var det.

15 november 2005

Kraft durch Freude

Fredag ettermiddag gjekk togturen til saltlukt og måseskrik. Målet Rügen, Tysklands største øy. Rügen ligg nordaust mot Austersjøen, 4,5 timar med tog frå Berlin (togskifte i Stralsund), i delstaten Mecklenburg-Vorpommern. Den politiske historia til denne regionen (Pommern) er komplisert, men Rügen var i alle fall svensk fram til 1815.

Etter ein time på toget kunne ein kjenne at tempoet var rolegare. Der var ikkje den aggressiviteten som pregar Berlin.

På strandpromenaden i Binz stod hotellrommet klart. Sundagen var det sol og fint å gå den lange, lange sandstranda. Sjå på måser som svel flyndrene heile. Og såvidt unngå bårene som rullar mot land.

Også nasjonalsosialistane tykte at dette området var fint, og ca. 4 km nord for Binz, i Pora, bygde ein eit Kraft durch Freude-Seebad. Planen var å hyse 20 000 gjester samtidig."Kraft durch Freude" var Hitlers ferieklubb, og organiserte t.d. båttur til Noreg. I Pora skulle så tyske arbeidarar samle krefter til ny innsats for nasjonalsosialismen. I 1941 vart byggearbeidet stoppe, invasjonen i Polen gjorde at ein måtte bruke bygningsarbeidarane til andre føremål. Men då hadde ein åtte blokker, kvar på seks etasjer, 10 000 rom, og 4,5 kilometer med bygningsmasse.

DDR gjorde ferdig ein del av blokkene, og brukte anlegget fyrst til ein ungdomsorganisasjon og dinest til militære føremål.

I dag står fem av blokkene att. Ein enorm bygningsmasse. Noko er gjort om til eit interessant museum, men det er uklart kva bygningane skal brukast til. Dei som står bak museet vil ha ein internasjonal ungdomsleir der (30 000 ungdomar skal kome der kvart år), men det spørst om slike blokker er det som lokkar dagens ungdom.

Apropos "Kraft durch Freude". Dette kan minne om ein slags velferdspolitikk, og ein tysk historikar, Götz Aly, har skapt mykje ordskifte i år ved å hevde at når nasjonalsosialismen fekk såpass gjennomslagskraft i det tyske folk, var det av di ein klarte å oppretthalde velferdsstaten. Utgangspunktet for det var i sin tur all rikdomane ein henta frå plyndringa av andre land og av jødane, meiner Aly. No i dag kl. 18 skal det vere eit ordskifte mellom Aly og forfattaren av den nye biografien om Alfred Rosenberg, Ernst Piper, og dit skal eg; det er på Dossmann, bokhandelen i Friedrichstrasse.

10 november 2005

Stasi-museet

Førre laurdag gjekk turen til bydelen Lichtenberg og til Stasi-museet. Museet ligg i det som var sentralen for Ministerium für Staatssicherheit, dvs. Stasi. (Nokre bilete her.) Mykje dokumentasjon om avlyttingsmetodar, om løynde kamera i jakker og mikrofonar i trestubbar. Særleg fascinerande er ministeretasjen med brune skinnstilar og 1960-talsinteriør som henta frå James Bond-film. I denne etasjen kan ein gå inn på kontoret til t.d. Stasi-sjefen sjølv, Erich Mielke", boss for 80 000 fulltidstilsette og 170 000 friviljuge. Mielke sat i sjefsstolen frå 1957 til 1989. Han hadde noko på alle, inkludert Honecker, og kunne difor sitje "trygt".

Stasi-museet er del av "Forschungs und Gedenkstätte Normannstrasse", og vert drive av ei sjølvstendig stifting, Astak (Antistalinistische Aktion).

Bydelen Lichtenberg ser elles like realsosialistisk ut som Stasi-hovudkvarteret.

26 oktober 2005

Bergen

Bra ting skjer i Bergen. For det fyrste sa bystyret nei til reklamemonstera frå Clear Channel. Heilt klart at ordskiftet her har verka inn på at Venstre og KrF til slutt snudde. Dinest har bystyret i Bergen oppheva nynorskforbodet i sakshandsaming internt i Bergen kommune. Det skjedde gjennom ein interpellasjon frå Oddny Miljeteig og Kristian Helland. Berre Pensjonistpartiet var imot, Monica Mæland frå Høgre las opp vedtaket på nynorsk. Ein viktig siger! Kvar er målblomen frå Mållaget?

Neste mål i Bergen må vere Bergensavisen (BA). Altså: "Slepp nynorsken til! Opphev nynorskforbodet i BA!"Kan Dagsavisen, kan BA. No når den landsfemnande kampanjen mot VG/Dagbladet er slutt, har Hordaland Mållag eit klårt arbeidsmål: Nynorsken inn i BA.

Fashion, Beauty, Lifestyle

Tysdag var eg på eit seminar eg hadde tenkt å fylgje på Humboldt-Universität. Tittelen er "Fashion, Beauty, Lifestyle" (berre tittelen er engelsk, resten er på tysk), og handlar om iscenesetjing av sjølvet og sosial ulikskap knytt til mote, venleiksideal og livsstil. Førelesaren, Bodo Lippl, ser ut som ein typisk Garage-gjest, men er hyggeleg og oppegåande.

Diverre viser det seg at seminaret er lagt opp som eit typisk tysk seminar, dvs. ikkje med førelesingar, men med aktiv studentdeltaking. Studentane skal lage referat av artiklar, skrive oppgåver og vere til stades. Så etter ein time med fordeling av oppgåver, og ein endeleg kunne byrje, skulle det så vere gruppearbeid. Ei pinleg affære med diskusjon over heilt generelle spørsmål og så pseudo-oppsummering. Eg sat der og tenkte at ein i Tyskland burde lære seg å skilje klårare mellom førelesing, seminar og kollokviegruppe. Det slår meg elles at dei kvinnelege studentane òg her har ganske så essensialistiske oppfatningar om at menn er slik og slik, samtidig som dei på eit generelt grunnlag seier at venleiksideal er subjektive. Så indirekte kjem det som ved alle sosiale hendingar fram mykje interessant. Og seminaret verka populært, det var tak på 30 studentar, men 39 hadde meldt seg på, og gjennom "Moodle" får ein tilgang til viktige tekstar, og det er då noko. Spesielt litteraturen om livsstil er interessant, i alle fall den tyske. Det norske sosiolingvistar skriv om livsstil, er svært anglo-amerikansk (+ litt Bourdieu)-inspirert. Men eg har eigentleg ikkje tid og ork til å sitje i grupper og diskutere kor vidt venleiksideal berre er subjektive.

Seminaret vert halde ved Institut für Sozialwissenschaft, og eg sit ein del ved biblioteket der.

24 oktober 2005

Museum

Det har vore ein ikkje så verst seinsommar og tidleghaust i Berlin. Kjølege netter og varme ettermiddagar. Folk på uterestaurantar, i parkane eller langsmed kanalkanten; dei mange arbeidslause skaper ei avslappa stemning. I helga kom så hausten med regn. Omsider, får ein seie. For dermed fekk ein endeleg høve til å gå på museum.

Laurdag gjekk fem timar med til det jødiske museet (som ligg i Kreuzberg). Museet er gigantisk, ganske nytt, og handlar jødisk-tysk historie gjennom to tusen år. Eit visst inntrykk gjorde eit rom der ein skulle trakke på steinar forma som menneskehovud. Sundag gjekk turen til Deutshes Historisches Museum (som ligg på museumsøya i Mitte). Det tyske historiske museet handlar om tyskdom, og er i røynda Helmut Kohl sitt verk. Inngangspartiet er teikna av den same arkitekten som stod for pyramide-inngangen til Louvre-museet; likskapane ser ein lett. Sundag var siste dag med ei utstilling om korleis Tyskland har takla nazi-tida i perioden etter 1945. Såg òg ein film om Albert Speer. Biografen Joachim Fest meinte at Speer og Hitler må ha hatt eit uførløyst homo-erotisk forhold der Hitler var den svake parten. Der var elles ei utstilling om hugenottane og ei om migarasjon til Tyskland reint allment, men vi fekk ikkje så mykje tid til det. Interessant forresten var eit tv-innslag med tale heldt av Joschka Fischer på eit årsmøte til Dei Grøne/Bundnis 90 i 1999. Fischer hadde vore og snakka med Milosovic, og vart bua på då han byrja talen sin. I løpet av talen, som vara i to minutt, klarte han å endre stemninga totalt til ståande applaus. Talen var full av dei symbola som den problematiske etterkrigshistoria handlar om, men utan å tippe over.

20 oktober 2005

Prøvebilete

Herbert Kalser frå Wien har sidan oppveksten på 1970- og 1980-talet vore fascinert av prøvebilete på fjernsyn. Særleg fascinerande var prøvebileta frå dei realsosialistiske landa i aust. Han tok difor tidleg til å fotografere prøvebilete. I dag har han den største samlinga av prøvebilete, 3000, og ein del av dei kan ein studere på heimesida hans www.tv-testbild.com.

19 oktober 2005

Om ord som ikkje er spesielt sexy og litt til

For eit par år sidan var statssekretær for Clemet h.v., Bergesen, i Bergen og snakka om læring. Ein skal ikkje lenger drive med "undervisning", sa Bergesen, no er det "læring" som gjeld. Så vart det som kjent regjeringsskifte, og med det: nye ord. Mantraet no er "kunnskap". På same måten som "modernisering" vert til "fornyelse", vert "læring" til "kunnskap". Fornyingsministeren seier forresten til "utdanning" at "den nye regjeringen ønsker å bruke egne ord". Samtidig seier ho: "Det er ellers ikke stor forskjell på arbeidsoppgavene." Altså: Postmoderne politikk der ord og symbol er viktige. (For nokre år sidan ville ein ha sagt at det viktige var å finne på ord som var meir "sexy", men no les eg i Tageszeitung at seier ein det, er ein definitivt ute, i alle fall i Tyskland. Så denne spalta er heilt ute. Heldigvis.)

Eit par endringar skjer likevel hos regjeringa, i alle fall på kunnskapsfronten. Regjeringa går for det fyrste inn for å ikkje ha eit andre framandspråk, dvs. at nordmenn skal klare seg med engelsk og innvandrarar skal ikkje få lov til å take t.d. urdu som framandspråk og få karakterar for det. Dinest går regjeringa inn for at all vidaregåande utdanning skal gi studiekompetanse. Det siste er verdt å notere seg. Konsekvensen for t.d. lærarutdanninga må vere at ein må senke krava, som ikkje er imponerande i dag, eller at ein må innføre meir presise opptakskrav. Også for sidemålet og dermed nynorsken vil der vere ein del konsekvensar. I dag er det berre dei studieførebuande delane av vidaregåande som har sidemålsopplæring. Dersom ein skal få studiekompetanse utan sidemål, vil eigentleg heile jamstellingsprinsippet falle i hop. Ein kan tenkje seg hundeslagsmålet det vil vere å få innført obligatorisk sidemål i alle liner på vidaregåande. På den andre sida: Kvifor ikkje?

Det var visst mange som i siste liten unngjekk å røyste SV pga. skulepolitikken. Når ein såg Inga Marte Thorkildsen agere som ein ungdomsskulelev på debattmøte om skulen, forstår ein litt kvifor, likeins når ein såg Kristin Halvorsen berre snakke om skulemat i samtale med Kristin Clemet. Diverre vil eg seie, for Clemets liberalisme og Jon Hustads gamalmannstankar er ingen gode alternativ.

18 oktober 2005

Fornyingsministeren

Heidi Grande Røys ser svært så sympatisk ut. No har ho vorte statsråd, og tek over for den usympatiske moderniseringsministeren. Heidi Grande Røys er dessutan nynorskbrukar.

Men kvifor kallar ho seg då "fornyelsesminister"? Til vevstaden utdanning seier Heidi Grande Røys: "Et poeng var også å velge et navn som fungerer på nynorsk".

Her kjem eg ikkje så lite i stuss. For ordet "modernisering" er felles for nynorsk og bokmål, medan "fornyelse" er eit ord som har eit av dei mest bokmålske kjenneteikna, endinga "-else"! Ord med "-else" er nei-ord. Difor må det vere "Fornyingsdepartementet" og ikkje "Fornyelsesdepartementet" på nynorsk.

Eg har vore så fri å skrive eit e-brev til Heidi Grande Røys der eg på ein høfleg måte gjer henne merksam på at journalisten i "utdanning.ws" nok må ha formulert seg litt dårleg. Får håpe og tru at ho ordnar opp.

11 oktober 2005

Dieffenbachstrasse

Sidan byrjinga av september har underteikna og sambuaren min, Ingvild, budd i Dieffenbachstrasse 18 i bydelen Kreuzberg. Eit bilete av gata, rett nok utan fortauslivet, finn de her.

Leilegheita vi bur i, er på 90 kvadratmeter, har tre rom pluss kjøkken, og ligg i andre etasje på i eit borgarskapshus frå 1900. Det er 3,5 meter under taket, og i dei to stovene er der flotte takmåleri og gipsfigurar. Ikkje sjeldan grip eg meg sjølv i å sitje og sjå opp i taket. Når eg grip meg i det, tenkjer eg ofte på sjølve romma i leilegheita, at veggane er kvite, nokon vil seie nakne, men at det ikkje gjer noko når det er bilete på taket. I rom som har ei rad med bilete på veggen, så er jo taket gjerne kvitt, men då vert det ikkje oppfatta som nake, og kvifor skal det då vere nake når heile taket er eit bilete? Slik kan ein sitje og tenkje medan tida går, i alle fall av og til. Det var elles ein glasmeister som hadde leilegheita fyrst, fortel han vi leiger hos. Glasmeisteren hadde tydelegvis glasverkstad i bakgarden der syklane og bossdunkane no står, for det står ”Glaserei” framføre inngangsdøra. Han må ha gjort gode pengar, og det må ha vore ei flott leilegheit, med taket, farga blyvindauge i to rom og ein enorm kakkelomn i jugendstil. Diverre har vedlikehaldet etterpå vore så som så; det heng nok saman med at denne leilegheita til liks med andre leilegheiter i Berlin vert leigde og ikkje er eigde av den som bur her. I Berlin er der dessutan reglar for kor høg leiga kan vere. Vel, nok om det. Det gir i alle fall ei luftig kjensle for postdoktoren å gå rundt i leilegheita, evt. ut på altanen der han kan sjå ut over Dieffenbachstrasse.

Dieffenbachstrasse er, til liks med mange gater i Berlin, ein allé. Der er lauvtre på kvar side. Når ein er inne i leilegheita og ser ut, får ein kjensla av å vere i ein skog. Berlin er i det heile ein grøn by, og området kring Dieffenbachstrasse, Graefekiez, er av dei mest grøne, samtidig som det jo er midt i byen.

Dieffenbachstrasse er i det heile tiltalande. Ikkje utan grunn er det i denne gata heile 10 kafear, dei fleste med uterestaurasjon, i tillegg er her butikk, grønsakhandel, apotek, vinhandel, kopibutikk, bakeri, aviskiosk etc. I sidegatene er det òg restaurantar, småbutikkar, internettkafear, pizzabakeri og den beste falafelmakaren i byen. Fartsdemparar og breie fortau skaper ei god og avslappa stemning for å arbeide og for å gå turar.

Ikkje så rart då at hovudpersonen i Dag Solstads roman ”16.07.41” gjekk turar her. Dieffenbachstrasse er faktisk nemnd to gonger i ”16.07.41” (rett nok med ei feilskriving, dvs. med berre ein ”f”).

Fyrste gongen er rett banal. På side 63 (i fyrsteutgåva) diskuterer hovudpersonen namnet Grimmstrasse, gata burde eigenleg ha heitt ”Grimms damm”, skriv han, av di gata er delt i to med ei grøn stripe i midten (slik alle damm-ar er, t.d. Kurfürstendamm), og i den samanhengen nemner han òg at Grimmstrasse til liks med Dieffenbachstrasse er utstyrt med ei mengde kafear av langt meir moderne fasong enn dei i nabolaget til hovudpersonen (Maybachufer 8).

Andre gonger er meir interessant, på s. 131. Det var dagen før hovudpersonen, dvs. Dag Solstad, skulle til Lillehammer og halde eit føredrag. Alt var klappa og klart, og Dag Solstad tok då ein tur langs Landwehrkanal, slik vi ofte har gjort; no ville han anstrenge seg for å få med seg alt han såg, og ikkje falle i eigne tankar slik han, og fleire andre, har ein tendens til å gjere. Hovudpersonen gjekk då bort til Admiralbrücke, der det ofte sit folk og nyt sola, slik vi ofte har gjort, ned Grimmstasse og inn Dieffenbachstrasse. Fyrst gjekk han på venstre sida der folk sat på utekafear og slikka sol, men det vart for varmt, og han for over på andre sida, dvs. på den sida vi bur, skuggesida, og der kom han til ein rammebutikk, som er ikkje så langt frå vår inngang, men akkurat før han gjorde det, kom det mot honom ein mann, ein tyskar i 40-årsalderen, og hovudpersonen ”kjente en plutselig, og voldsom, lede”. Korleis kunne det mennesket halde ut seg sjølv? ”Jeg tenkte idet jeg så denne mannen komme imot meg på et fortau i Dieffenbachstrasse at hadde det vært meg, så ville jeg umiddelbart ha brutt sammen, i gråt og fortvilelse, innesperret som jeg da ville ha vært i denne kroppen, som ville ha vært meg.” Det var visstnok ingen dvask person, og sjølv om det var ein vital 30-åring på sykkel, så ville det ikkje ha vore noko betre: ”Livet ville da ha fortont seg meningsløst i all sin banalitet.” Nettopp det siste momentet er verdt å tenkje på for ein vital og viril postdoktor i 30-åra som ofte syklar opp og ned Dieffenbachstrasse, og som sikkert kunne ha vore teken for å vere ein tysk syklist.

Eg las Solstads bok då ho kom ut i 2002, og då tenkte eg naturlegvis ikkje på dei lokale stadene i Berlin. Eg var fascinert av dei, og las Finn Tveito sin interessante analyse av dei i ”Norsk litterær årbok”, men ikkje noko meir. Etter at foreldra til Ingvild hadde vore på besøk, og hadde teke med seg boka, kunne eg så lese henne igjen, og då fekk ho brått ein ny funksjon, som reisebok over Kreuzberg. Her og der er nokre unøyaktige ting, t.d. det med den manglande f-en, men alt stemmer elles, t.d. finst den brune kneipa ”Oase” i Hobrechstrasse, har ikkje vore inne, men sykla forbi, eller rettare sagt, eg trilla sykkelen forbi medan eg kasta blikk inn i lokalet. (Å gå inn ville vere for banalt, for ein lever trass alt ikkje eit liv etter ein roman, eller kva?) Kafeen ”Vienna Art Café” har eg derimot ikkje funne enno. Den kan ha vorte lagd ned.

Dieffenbachstrasse kjem forresten av ein kirurg, Johann Dieffenbach. Gata som går på tvers, Graefestrasse, er oppkalla etter ein kirurg. Altså typiske representantar for det høgare borgarskapet som busette seg i dette området kring 1900. Men vi har òg tre filologar her gjennom Grimmstrasse, Böeckstrasse og Boppstrasse.

I dag er Grafekiez busett av slike som røyster på partiet Dei Grøne; kandidaten frå Dei Grøne fekk femti prosent av direkterøystene i området. Altså eit lågare mellomklassemiljø med raddistendensar.

13 september 2005

Valvake i ambassaden

I gaar var val i Gnore, og daa var det berre naturleg aa take seg ein tur til den norske ambassaden i Berlin. Der skulle det vere valvake. Ambassadebygget er eit fellesnordisk prosjekt, eit prestisjebygg som igg i eit uhyggeleg keisamt omraade sörvest for Tiergarten. Ambassadör Godal stod ved inngangen og ynskte velkomen. Inne var der tannstikkmat og gratis drikke, dvs. vin, öl etc. Studentar, journalistar og tilfeldige forbipasserande. Ganske mange forresten. TV 2 paa eit fjernsyn i myldrearealet, viste heile tida borgarleg fleirtal, NRK i det store auditoriet, viste raudgrönt fleirtal. Ambassadebygget var fint nok det, men er nok samd med Jahn Otto Johansen som i si guidebok er litt snurt over at nordmennene ikkje har like stor resepsjon som dei hine landa. Men saa mykje tenkte eg nok ikkje paa akkurat det. Mykje hyggeleg snakk, ei ung dame som var medlem i Juristmaallaget ville vere med paa aa starte Berlin Maallag. Eit par studentar og Knut M. Berge fraa NRK ville òg vere med. Saa dette kan verte noko av. Eit möte om ei vekes tid. Etterpaa reiste den harde kjerne paa cafear paa zavignyplatz, men sjölv var eg med ei drosje attende til Kreuzberg. Det viktige no var at det vert regjeringsskifte og at vi snart kan ha eit maallag i Berlin.