"Det er likevel utenkelig, tror jeg, at ny fremragende litteratur på nynorsk kan skapes av andre enn dem som har nynorsk som sitt hovedmål." Dette skriv den gamle nynorskmotstandaren Kristin Clemet i Riksmålsforbundet si avis,
Ordet. Eg har ikkje noka oversikt over korleis mange nynorskforfattarar som ikkje hadde nynorsk som hovudmål på skulen, men det gjeld i alle fall t.d. Frode Grytten og Sigmund Løvåsen. Ei flittig sjel burde nok ta på seg å lage ei oversikt over nynorskforfattarar med sidemålsbakgrunn.
Carl Frode Tiller er i alle fall eit heitt namn i kategorien for tida.
SvarSlettOg Ragnfrid Trohaug, trur eg. Det ver ei eller anna sak om dette i ei eller anna avis for ikkje lenge sidan....
SvarSlettJa, absolutt, båe namna!
SvarSlettog ole idar kvelvane. trur eg.
SvarSlettsjølvaste ragnar hovland vingla òg i oppveksten.
SvarSlettklokka er fleirspråkleg. etter nokre kriterier. kanskje ikkje forfattar. men det gjer vel ingenting.
SvarSlettFleire gode innspel her. Trur forresten Einar Økland hadde nynorsk som sidemål på gymnaset, men det var visst av karaktertaktiske årsaker.
SvarSlettHo skulle sett litt på dette, ho Clemet. Kor godt nynorsk og blogging går i hop. Som eit lite apropos.
SvarSlettElles er det sikkert mange fleire enn me trur.
Ivar Aasen?
SvarSlettOskar Bråten?
Lillebjørn Nilsen?
Alexander G. Rubio (Lørenskog)
SvarSlettArnljot Eggen - frå Tolga, veit ikkje om han vaks opp med nynorsk og skriv noko på sidemål, eller omvendt.
Var ikkje ei/nokre av bøkene til Asbjørn Elden på nynorsk?
Har ein del namn no. Men gjerne fleire.
SvarSlettArnljot Eggen hadde vel nynorskbakgrunn. Hadde ikkje Vingelen i Tolga nynorsk som skulemål? Faren, Eystein Eggen d.e., var i alle fall målmann.
Jahn-Arill Skogholt
SvarSlettfor å seie det på det som alle kallar _nynorsk_ (og som kanskje beviser at det ikkje er særskilt kreativt eller nyskapande å vere språkleg bi - eller multifil): watch out for denne karen:
SvarSlettrune f. hjemås