
Så har det skjedd igjen. Biletet av Gustav Indrebø er forsvunne. Det heng ikkje lenger på den vanlege staden, dvs. på veggen tvers over kontordøra mi. Eg er mildt sagt sjokkert, og har varsla kontorsjefen om det som har skjedd. Går ut ifrå at ein set i verk dei tiltaka som er naudsynte og effektive. Her er det ingen grunn til å ha silkehanskar på.
Som den vakne lesaren veit, har Indrebø-biletet tidlegare vorte stole, i 2007. Då kom biletet til rette.
Kjem attende med oppdatert informasjon i saka så snart det skjer noko.
Sjokkerande.
SvarSlettHar vi med vaneforbrytarar å gjere, eller er det kopikattar som er ute og går?
SvarSlettSkjer der noget?
SvarSlettEtter ein del etterforsking viser det seg at biletet har blitt flytta på. Frå den faste plassen sin hadde det hamna på ein annan ledig spikar på ein annan vegg. - Frekt, spør du meg. Biletet er no flytta tilbake, og heng på den faste plassen sin.
SvarSlettAt Indrebøen skulle vere så populær.
Og det lurte du på?
SvarSlettNei, eigentleg ikkje.
SvarSlett