Nokre dagar i Estland gav grunnlag for visse generaliseringar. Til dømes at esterane kan det å lage lure trapper. Denne trappa opp til eit tårn i Hapsalu er ikkje så verst. Skulle gjerne hatt ei slik ned til kjellaren. Som kjent sklei eg ned trappa heime tidlegare i vår og braut handa.
Meir barnslege er gatenamna. Dette fann vi i kvar einaste by.
Kva er eigentleg så lurt med denne trappa? Ho ser ikkje særleg god ut på biletet.
SvarSlettDet er lettare å ikkje snubla i trinna, sidan foten mest ikkje kan treffa feil trinn. Det finst liknande trapper i Noreg òg, mellom anna såg eg det på ei turisthytte.
SvarSlettTrappetrinna er djupe akkurat der foten skal trå. Kvifor det er lurt? Det store problemet med t.d. kjellertrapper er jo at trappetrinna ikkje er djupe nok for oss som bruker sko i storleik 45-46. Det skaper risiko for å gli nedover trappa. Samtidig er konstruksjonen på trappa i Hapsalu slik at trappa ikkje treng så mykje plass. Genialt med våre kvadratmeterprisar.
SvarSlettGenialt og genialt, herr Blom. Eg ville ikkje ha gått der med stiletthælar, for å sei det slik.
SvarSletteg veit ikkje om eg ville gått i den gata
SvarSlettEg har høyrt at trapper kan vere ut-inn i andre land.
SvarSlettIkki alle troppur gjeng upp og ned.
SvarSlettApropos trapper og opp og ned: Fanst det pater nostrar i Estland?
SvarSlettPater nostrar? Fleirtal for "Fadervår"?
SvarSlett